Fordjuping i fransk grammatikk, tekstlingvistikk og omsetjing

Fakta om studiet

EmnekodeFRAN201
Studiepoeng15
UndervisingssemesterVår
Antall semester1
Undervisingsspråk
 Fransk og norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for fremmedspråk

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Mål og innhald

Dette emnet inneheld eit pensum i grammatikk på om lag 200 ¿ 250 sider henta frå ei moderne lærebok skriven på fransk, i motsetnad til læreboka på 100-nivå som er kontrastiv og skriven på eit skandinavisk språk. Omsetjing frå norsk til fransk og frå fransk til norsk utgjer òg ein viktig del av dette emnet.

Arbeidet både med grammatikk og med omsetjing har som mål å gje studentane større teoretisk kunnskap og praktisk dugleik i moderne fransk. Ikkje minst er omsetjingsdisiplinen viktig for å nå fram til større forståing av dei ulike strukturane i dei to språka. Dugleik i omsetjing så vel frå norsk til fransk som frå fransk til norsk er ein viktig kvalifikasjon når ein skal bruka franskstudiet i yrkessamanheng.

Læringsutbyte/resultat

Ved fullført emne skal kandidaten:

- ha djupare innsikt i språkvitskaplege omgrep og apparat for grammatisk analyse,

- ha større kunnskap om fransk språkstruktur og -tekst.

- vera i stand til å reflektera kritisk rundt språkvitskaplege analysar av språket.

- kunna nytta språklege omgrep til å analysera fransk språkbruk i ulike sjangrar.

- kunna uttrykkja seg skriftleg på fransk og vera i stand til å skriva resonnerande tekstar på fransk.

- kunna omsetja middels vanskelege tekstar innan ulike sjangrar.

- ha kunnskap om kontrastive problemstillingar i omsetjing mellom norsk og fransk.

- kunna vidareutvikla kunnskap og dugleik i disiplinen på sjølvstendig vis.

Undervisningssemester

Vår

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

FRAN201 føreset språkkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå. Undervisninga byggjer vidare på FRAN101 og FRAN103.

Undervisning og omfang

Størstedelen av pensum vert gjennomgått på førelesingar, ein dobbelttime i veka over 11 veker. Studentane bør levera inn skriftlege svar gjennom heile semestret. Studentane bør dessutan arbeida med øvingar i omsetjing i Multimedialaben eller på eigen datamaskin/internett. Det vil verta gjeve undervisning i omsetjing norsk-fransk og fransk-norsk gjennom heile semestret, 5 dobbelttimar fransk-norsk, 5 dobbelttimar norsk-fransk.

Obligatoriske arbeidskrav

For å kunna ta eksamen i emnet må studentane få godkjent ei av øvingsoppgåvene i grammatikk og to av omsetjingsoppgåvene (ei norsk-fransk og ei fransk-norsk) som er blitt gjevne i samband med undervisninga.

Obligatoriske arbeidskrav

For å kunna ta eksamen i emnet må studentane få godkjent ei av øvingsoppgåvene i grammatikk og to omsetjingsoppgåvene (ei norsk-fransk og ei fransk-norsk) som er blitt gjevne i samband med undervisninga.

Vurderingsformer

Eksamen er todelt:

1) Ein 4 timars skoleeksamen i omsetjing frå fransk til norsk og frå norsk til fransk.

2) Ein 3 timars skoleeksamen i grammatikk der ein skal svara på fransk.

På begge eksamensdagane kan studentane nytta fransk-fransk og eventuelt norsk-norsk ordbok godkjend av instituttet.

Prøva i omsetjing og grammatikkprøva tel 50 prosent kvar av samla karakter i emnet. Det er høve til å ta med seg ein deleksamen i inntil to semester etter at deleksamenen er greidd.

Vurderingsformer

Eksamen er todelt:

1) Ein 3 timars skoleeksamen i omsetjing frå fransk til norsk og frå norsk til fransk.

2) Ein 3 timars skoleeksamen i grammatikk der ein skal svara på fransk.

På begge eksamensdagane kan studentane nytta fransk-fransk og eventuelt norsk-norsk ordbok godkjend av instituttet.

Prøva i omsetjing og grammatikkprøva tel 50 prosent kvar av samla karakter i emnet. Det er høve til å ta med seg ein deleksamen i inntil to semester etter at deleksamenen er greidd.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Pensum er henta frå eit moderne franskspråkleg grammatikkverk. På den elektroniske emnesida (Mi side) ligg det opplysningar om kva tekstar som til eikvar tid er pensum.

Ved semesterstart vil det bli opplyst om eventuelle endringar i pensum.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.