Fordjuping i fransk litteratur

Fakta om studiet

EmnekodeFRAN253
Studiepoeng15
UndervisingssemesterVår
Antall semester1
Undervisingsspråk
Fransk
Ressursar
TilhørerInstitutt for fremmedspråk

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Mål og innhald

Emnet tek for seg romanen som sjanger i eit diakront perspektiv. Gjennom studiet av fem representative romanar, sette i kulturhistorisk samanheng og i ljos av sentrale, romantekniske omgrep, skal emnet gje eit oversyn over utviklinga i sjangeren frå det 17. hundreåret og fram mot vår tid.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne skal kandidaten

  • ha innsikt i dei utvalte pensumverka
  • ha kunnskap om den kulturhistoriske konteksten til verka
  • ha kunnskap om sentrale romantekniske omgrep
  • kunna bruka dei tileigna omgrepa i sjølvstendige analysar av pensumtekstar
  • kunna analysera tekstane tematisk og i kulturhistorisk perspektiv
  • kunna drøfta skriftleg og munnleg problemstillingar knytte til pensum
  • kunna formidla kunnskapar innanfor eige fagområde på munnleg og skriftleg fransk
  • kunna planleggja og gjennomføra arbeidsoppgåver som strekkjer seg over ei viss tid
  • kunna videreutvikla kunnskapane sine, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv

Undervisningssemester

Vår

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

FRAN253 føreset språkkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå.
Undervisninga byggjer på FRAN102.

Undervisning og omfang

Førelesingar, seminar og rettleiing.

3 timar pr veke

Om lag 12 veker

Obligatoriske arbeidskrav

Studentane skal seinast fire veker før eksamen få godkjent eit munnleg innlegg (ca 15 minutt) knytt til pensum i emnet. Studentane utarbeider innlegget i samråd med faglærar. Manuskriptet til innlegget skal leverast samstundes med innlegget.

I samband med semesteroppgåva skal det vera minst eitt rettleiingsmøte.

Dei obligatoriske arbeidskrava er godkjende i eitt semester utover undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Eksamen er ei semesteroppgåve på om lag 4000 ord skriven på 3 veker mot slutten av semesteret. Ein skal skriva oppgåva på fransk.

Som avslutning på emnet vert det arrangert ein munnleg eksamen i litteraturpensumet. Prøva skal samstundes syna den munnlege dugleiken i fransk hjå kandidatane.

Munnleg og skriftleg eksamensdel tel 50 prosent kvar av samla karakter i emnet. Begge prøvene må vere greidde i same semester.

Vurderingsformer

Eksamen er ei semesteroppgåve på om lag 4000 ord skriven på 3 veker mot slutten av semesteret. Ein skal skriva oppgåva på fransk.

Oppgåva fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i bachelorgraden.

Som avslutning på emnet vert det arrangert ein munnleg eksamen i litteraturpensumet. Prøva skal samstundes syna den munnlege dugleiken i fransk hjå kandidatane.

Munnleg og skriftleg eksamensdel tel 50 prosent kvar av samla karakter i emnet. Begge prøvene må vere greidde i same semester.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Pensum inneheld fem romanar utanom ei innføring i romanteori. Ein set seg inn i ein eller to representative romanar frå kvart av dei fire siste hundreåra, og i litteraturhistorisk bakgrunnsstoff med relevans for verka. Ein les òg eit innføringspensum i romanteori/ narratologi som er i tråd med det teoretiske siktemålet.

I samråd med faglærar kan ein byta ut eitt av verka med eit anna verk frå det same hundreåret med minst same omfang og vanskegrad.

Ved semesterstart vil det bli opplyst om eventuelle endringar i pensum.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.