Examen facultatum - System i endring; frå problem til politikk
Fakta om studiet
| Emnekode | GEO-SD100 |
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisingssemester | Høst |
| Antall semester | 1 |
| Undervisingsspråk | Norsk (nokre dobbelttimar på engelsk) |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for geografi |
Kontakt
Kontaktinformasjon
Institutt for geografi
studieveileder@geog.uib.no
Mål og innhald
Sentralt i faget er fem steg for analyse av samfunnsproblem: Problem, Hypotese, Analyse, Politikk, og Implementering, (P´HAPI). Studentane vil sjå korleis desse stega går igjen i undervisninga og dei vil også lære å praktisere dei fem stega i analyse og i eiga skriving. Fokus er på samspelet mellom årsak og verknad for å forklare samfunnsendringar og for å kunne analysere politiske tiltak for auka velferd. På område der dette er mogleg, går dermed kurset lengre enn til berre å beskrive sosiale fenomen.
For å representere og visualisere strukturen i sosiale system lærer studentane enkle diagramteknikkar. For å analysere og forstå åtferd lærer dei å simulere dynamiske modeller ved hjelp av simuleringsprogrammet iThink.
Eksempel på sosiale system og problemstillingar er henta frå alle hovudfelta innan samfunnsvitskap. Eit par eksempel er og henta frå fysikk og biologi for å illustrere at dei same metodane og den same språkbruken kan nyttast på tvers av fagfelt og ut over samfunnsfaga. Eksempla syner og at ein og same modell, med minimale justeringar, kan nyttast til å analysere mange tilsynelatande ulike problemstillingar. Dermed blir læringa meir og meir effektiv med erfaring.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskap
Studentane lærer å tolke, forstå, og evaluere samfunnsvitskaplege teoriar. Fokus er på korleis endringar skjer i samfunnet, korleis problem oppstår, og kva for verknader ulike typar politikk har. Faget tek utgangspunkt i ei moderne forståing av den vitskaplege metoden der innsikt frå fleire samfunnsfag kjem til uttrykk.
Ferdigheter
Etter kurset vil studentane dra nytte av den enkle P´HAPI regelen og diagramteknikkane når dei skal forstå litteratur på sitt eige fagfelt, arbeide med ulike problemstillingar, og når dei skal skrive oppgåver. Desse ferdigheten øvast opp gjennom kursoppgåver. Studentane lærer respekt for kompleksiteten i dynamiske system, og dei lærer om korleis slike system kan analyserast. Dette skjer mellom anna gjennom gjentekne erfaringar med simuleringsmodellar, animasjonar og simulatorar. For relativt enkle system vil dei og vite kva for åtferd desse gir opphav til. For meir kompliserte modellar vil dei vere i stand til å analysere åtferd ved hjelp av iThink.
Generell kompetanse
Faget gir unik innsikt i system som elles er vanskelege å forstå, som gir opphav til feilforvaltning, samfunnsproblem og tapt velferd. Ifølge Albert Einstein, må eksisterande problem løysast på eit meir avansert nivå enn dei vart skapte. Kurset gir såleis innsikt i behovet for auka kompetanse for problemløysing. Ved at metoden og språkbruken er felles for alle fagfelt gir og kurset innsikt på tvers av faggrenser, aukar respekten for andre fagfelt, gjer det lettare å kommunisere mellom fagfelt, og legg dermed grunnlag for meir effektiv fleirfagleg forståing og forsking.
Faget gir oversikt over og erfaring med stega i den vitskaplege metoden, gir innsikt i problemløysing, og kunnskap om dei praktiske vanskane med å implementere gode løysingar. Ein slik vanske ligg i at forenkla tankemodellar ofte peikar på løysningar som ikkje held mål. Studentane får innsikt i desse vanskane gjennom bruk av simulatorar.
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Haust
Institutt
Institutt for geografi
Krav til studierett
Ope
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisning og omfang
Form: Førelesingar, øvingar, animasjonar, simuleringar, simulatorar
Timar per veke: 2
Antal veker: 13
Totalt timar: 40 (inklusive 14 timar med oppgåveseminar)
Obligatoriske arbeidskrav
Godkjente øvingsoppgåver
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen
Karakterskala
A-F
Læremiddelomtale
Kompendium, artiklar, iThink program, simuleringsmodellar, simulatorar, animasjonar
Emneevaluering
Kvart år, seinare kvart tredje år