Mål og innhald
Essayet inngår i den faglege spesialiseringa, men skal fokusera på utviklingsrelaterte tema, med bakgrunn i eigne erfaringar frå utanlandsopphald.
Føremålet med oppgåva er at studentane skal gjere ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei geografisk problemstilling i Sør med hjelp av den "verktøykassen" dei har tileigna seg gjennom bachelorstudiet.
Studenten skriv eit sjølvstendig arbeid basert på den faglege innsikt frå minimum 60 poengs studium i geografi. Innhaldsmessig kan essayet gjerne utnytte kunnskap frå studiar i andre fag som inngår i det tematiske studieløpet.
Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema som skal drøftast ut frå eit teoretisk perspektiv, tidlegare forsking eller ved ein empirisk analyse av data. Eit utanlandsopphald ved eit universitet i sør dannar grunnlag for datainnsamling. Det er også mogleg å levere ei semesteroppgåve basert på litteraturstudiar.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne:
- ta i bruk kunnskapen om sentrale tema og teoriar i utviklingsgeografi som ho eller han skal ha tileigna seg i løpet av bachelorstudiet.
- formulere ei geografisk problemstilling, presentere eit utviklingsrelevant tema og belyse dette teoretisk.
- vise evne til sjølvstendig tenking og teoretisk innsikt.
- oppsøke og bruke litteratur og sekundærdata for å belyse problemstillinga, samt bruke kvalitative og/eller kvantitative analysemetodar dersom oppgåva er basert på data innsamla under feltarbeid under utvekslingsopphaldet.
- bruke grunnleggjande akademisk skrive- og referanseteknikk.
Undervisningssemester
Vår og haust
Eksamenssemester
Vår og haust
Krav til studierett
Berre for studentar ved Bachelorprogram i utviklingsstudiar
Krav til forkunnskapar
Minst 60 poeng i geografi, av desse minst eitt av metodekursa på 200-nivå.
Undervisning og omfang
Ein dobbeltime innføring. Innleiande samtale med rettleiar, og ein time rettleiing av skriftleg oppgåveutkast. Framlegging av oppgåveutkast på seminar undervegs.
Obligatoriske arbeidskrav
Framlegging av oppgåveutkast på seminar.
Vurderingsformer
Bacheloroppgåve og justerande munnleg eksamen.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO250 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.