Tidevannsdynamikk
Fakta om studiet
| Emnekode | GEOF331 |
| Studiepoeng | 5 |
| Undervisingssemester | Høst |
| Antall semester | 1 |
| Undervisingsspråk | Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar. Engelsk |
| Ressursar | |
| Tilhører | Geofysisk institutt |
Kontakt
Kontaktinformasjon
Studiekonsulent Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no
Mål og innhald
Emnet gjev ei oversikt og djupare forståing av ulike sider av tidevassteori. Kurset omfattar utleiing av tidevasskrefter og -potensiale,
harmonisk utleiing av tidevasspotensiale, likevektsteori og harmonisk analyse. Tidevassdynamikk i det opne hav, langs kystar og i
randhav vert også teken opp, i tillegg til blandingsprosessar og global tidevassdissipasjon.
Som ein del av emnet vil studentane lese og presentere nokre vitskaplege artiklar som omhandlar utvalde delar frå tidevassforskinga.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Artikkelpresentasjon
Undervisningssemester
Haust
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Undervisningsstad
Bergen
Læringsutbyte
Etter fullført emne skal studenten vera i stand til å
- Drøfta dei underliggjande prinsippa for tidevasskraft og tidevassteori.
- Skildra og drøfte harmonisk utleiing av tidvatnpotensiale og drøfte vesentlige eigenskapar til tidvatn ut fra
tidevasspotensialet.
- Gå gjennom og forklara dei underliggjande prinsippa for harmonisk analyse.
- Nytta likeveksteori for å bestemma potensielle endringar i havoverflateheving for ulike samanstillingar av dei orbitale
parametrane.
- Skildra og drøfte den geofysiske manifestasjonen av tidvatn i opne hav, i trange og opne bukter og i randhav.
- Drøfta rollen av tidevassblanding og energidissipasjon for opne hav og i randhav.
- Tolka, diskutera og presentera eit utval tema innan tidevassrelatert forsking.
Krav til forkunnskapar
Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester.
Vurderingsformer
Artikkelpresentasjon og deltaking i diskusjon, tel 50 prosent av sluttkarakter og er gyldig i to semester, det semestert den er avlagd og påføljande semester.
Munnleg eksamen, tel 50 prosent av sluttkarakteren og må vera bestått. Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: Ingen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.