Termokronologi og tektonikk

Fakta om studiet

EmnekodeGEOV341
Studiepoeng5
UndervisingssemesterHøst
Antall semester1
Undervisingsspråk
Engelsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for geovitenskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent ved Institutt for geovitenskap, E-post: studiekonsulent@geo.uib.no

Mål og innhald

Termokronologiske dateringsteknikkar, som fisjonsspor og (U-Th)/He datering, gir viktige data som kan bidra til å løyse avkjølings- og ekshumasjonshistorie for alt ifrå unge orogen til passive kontinentalmarginar. Teknikkane kan også brukes til å studere den termale historia til eit sedimentært basseng, og er difor også viktig for petroleumsindustrien.

Dette kurset gir kunnskap i teorien bak lav-temperatur termokronologi, i tillegg til eit vidt spekter av praktiske øvingar og moglegheita til å delta i praktisk datering i instituttet sitt fisjonssporlaboratorium. Eit vidt spekter av døme vil verte presentert. Studentane vil delta i presentasjonen av desse døma.

Hovudelementa som inngår i kurset er:

  • Fisjonsspor og (U-Th)/He dateringsteknikkar, teoretisk bakgrunn
  • Innsamlingsstrategiar
  • Mineralseparering og førebuing (praktisk øving)
  • Fisjonssporanalyse av utvalte prøver (praktisk øving)
  • Modellering av termal historie

Presentasjon og diskusjon av døme (Antarktis, Andesfjella, Det kanadiske skjold, Nordsjøen, Skandinavia, Appenninene, Australia med fleire)

Læringsutbyte/resultat

Ved fullført emne GEOV341 skal studentane kunne:

  • Planlegge eit termokronologisk prosjekt
  • Separere passande mineral ifrå prøver
  • Førebu mineralseparat for datering, inkludert preparering for bestråling
  • Utføre apatitt fisjonsspor analysar og måling av sporlengder
  • Utføre modellering av den termale historia
  • Presentere og diskutere forskingsresultat

Undervisningssemester

Annenkvar haust, partallsår. Vurdering kun mulig i semester med undervisning.

Eksamenssemester

Det er kun muligheit for vurderingsmelding i semestra emnet blir undervist.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

GEOV251

Fagleg overlapp

5 sp overlapp med GEOL346 og GEOV353

Obligatoriske arbeidskrav

Øvingar og presentasjon

Vurderingsformer

Godkjente obligatoriske aktivitetar + munnleg presentasjon

Karakterskala

Bestått/ ikkje bestått

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.