Mål og innhald
Målet for emnet er å gje ei grunnleggjande innføring i geomikrobiologi. Emnet omhandlar hovudgrupper av mikroorganismar som er viktige for biogeokjemiske syklusar og korleis desse deltar i nedbrytning av mineral og bergartar og i utfelling og utforming av nye mineralavsetjingar. Sentrale analytiske metodar for påvisning og identifisering av mikroorganismar i geologisk materiale vert gjennomgått og demonstrert. Det vert lagt vekt på samanhengen mellom mikroorganismars metabolisme og geokjemiske prosessar. Mikrobielt liv i ekstreme miljø og i jordas tidlige historie, og implikasjonane dette har for astrobiologi er også omhandla.
.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført emne GEOV344 skal studenten kunne
- gje ei oversikt over dei viktigaste mikrobielle metabolismane for biogeokjemiske syklusar
- forklare korleis dei mikrobielle prosessane fører til oppløysing av mineral og bergartar
- forklare korleis mikroorganismar fører til utfelling av nye mineral
- gje oversikt over dei viktigaste metodane for å påvise mikroorganismar i geologisk materiale
- gje ei oversikt over ulike typar spor etter liv i moderne og førhistorisk tid og forklare korleis desse kan ha betydning for astrobiologi
Undervisningssemester
Vår. Undervisningen gis konsentrert.
Eksamenssemester
Det er kun mulig å vurderingsmelde seg i semestre med undervisning
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Krav til forkunnskapar
Bachelor i geovitenskap / biologi / kjemi eller tilsvarende. Opptak til master ved MN-fakultetet.
Tilrådde forkunnskapar
BIO113 og GEOV243
Fagleg overlapp
10 sp overlapp med GEOL344 og 5 sp overlapp med GEOL341
Obligatoriske arbeidskrav
Laboratorieøvingar, semesteroppgåve. Godkjente obligatoriske aktivitetar er gyldig i 6 påfølgjande semester.
Vurderingsformer
Mappeevaluering
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.