Global Health
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 30 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Kurset har som mål å gje ei forståing av dei store utfordringane i global helse
Kurset inneheld tre deler:
- Teori og gruppearbeid (6 veker) ved Senter for internasjonal helse, UiB
- Feltbesøk (8 veker): Observasjon og deltaking ved ein institusjon i låg-inntekts land
- Eksamensperiode
Den første delen dekkjer ei rekkje aspekt ved Global helse. Det vil bli førelesingar med fokus på dei store utfordringane i global helse og ulike øvingar før ein besøkjer eit låg-inntektsland. Samanhengen mellom fattigdom og helse vert utheva, likeeins samanhengen mellom helse og sosiale, politiske, økonomiske og kulturelle faktorar. Tema innan global helse som vert omhandla er folkehelse, etikk, antropologi, økonomi og helsesystem. Det vert også gitt ei innføring i klinisk undersøkingsteknikk for å ha betre utbytte av feltbesøket. Førelesingar og gruppearbeid er obligatoriske.
Den andre delen av kurset er observasjonar og deltaking i arbeid på sjukehus og primærhelsetenester i låg-inntektsland, enten ved Christian Medical College, Vellore i India, SHAWCO, Cape Town i Sør Afrika eller ved Haydom Luthean Hospital, Tanzania. Andre stader har også vorte nytta og kan verte godtekne på individuell basis, primært ved institusjonar der det allereie er samarbeid med UiB.
I den tredje delen skal studentane skrive eit essay over eit tema innan global helse. To studentar kan samarbeide om dei vil det. Oppgåva skal presenterast og diskuterast i plenum mot slutten av semesteret (medio desember).
Læringsutbyte/resultat
Kunnskap
Etter kurset skal studentane kunne:
- Forklare likskapar og skilnader mellom låg-, mellom- og høginntektsland når det gjeld helse og demografisk utvikling
- Diskutere etiske emne i internasjonal helse
- Greie ut om menneskerettar for betring av helse
- Greie ut om dei finansielle hindringane i internasjonal helse
Dugleik:
Etter kurset skal studentane kunne
- Diskutere korleis viktige sjukdomar er med på å påverke utviklinga i samfunnet
- Klinisk kjenne att nokre viktige sjukdomar
- Forstå korleis ulike intervensjonar kan betre folkehelsa
- Diskutere problem i prioriterte låg-inntektsland
Generell kompetanse:
Etter kurset skal studentane kunne
- Ha eit globalt perspektiv på å vere lege
- Forstå konsekvensane av globaliseringa for medisinsk vitskap.
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsspråk
Engelsk og norsk
Studienivå
Bachelor (100)
Krav til studierett
Medisinarstudentar ved Universitetet i Bergen som er ferdig med det andre studieåret og har valtermin eller studentar med liknande bakgrunn kan søkje om opptak. Studentar på forskarlinja kan også søkje, men må dokumentere relevans for forskingsprosjekt og hatilråding frå sin vegleiar. Talet på studentar avheng av talet på ledige plassar for feltbesøket. Ved fleire søkjarar enn plassar vil det gjennomførast loddtrekking.
Krav til forkunnskapar
Medisinarstudentar som har gjort ferdig det andre studieåret, forskarlinjestudentar eller andre studentar med liknande bakgrunn.
Undervisning og omfang
Førelesningar, seminar, gruppeøvingar, diskusjon av videofilmar. På feltbesøk: Observasjon av helsetenester i låg-inntektsland og ulike praktiske øvingar.
Obligatoriske arbeidskrav
Forelesingar
Skrive essay om sjølvvald emne og presentere det i plenum
Vurderingsformer
Godkjenning av presentasjon og diskusjon av essay.
Karakterskala
Godkjent/ikkje godkjent
Læremiddelomtale
Levine: Case studies in Global health. Millions saved.
Skolnik: Essentials of Global health.
Optional: Lindstrand: "Global health"; Markle: "Understanding global health"
Undervisningsstad
Medisinsk-Odontologisk fakultet, UiB og samarbeidsinstitusjonar som:
Christian Medical College, Vellore, India,
Students' Health and Welfare Organization SHAWCO, Cape Town, Sør Afrika og Haydom Lutheran Hospital, Tanzania
Emneevaluering
Elektronisk evaluering av kurset på "MiSide" og muntleg evaluering i plenum siste kursdag.
Kontaktinformasjon
Vitenskapleg ansvarleg: Ass. professor Sven Gudmund Hinderaker, sven.hinderaker@cih.uib.no
Administrativ ansvarleg: studiekonsulent Borgny Kvalnes Lavik, borgny.lavik@cih.uib.no
Administrativ ansvarleg for opptaket: studiekonsulent Ane Brorstad Mengshoel, Ane.Mengshoel@mofa.uib.no
Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for internasjonal helse.