Gresk: Attisk prosa
Fakta om studiet
| Emnekode | GRE103 |
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisingssemester | Høst |
| Antall semester | 1 |
| Undervisingsspråk | Norsk |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier |
Kontakt
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Mål og innhald
Emnet omfattar i første rekkje lesing av prosatekstar på den attiske dialekt frå den klassiske perioden (480-330 f.Kr.). Også tekstar på koine og attisistiske tekstar frå romersk keisartid kan inngå i studiet. Dessutan blir det gitt eit oversyn over historia til den greske litteraturen (med serleg vekt på dei forfattarane som blir lesne), ei innføring i gresk filosofi (med hovudvekt på Platon), og auka kjennskap til historie og kulturhistorie (serleg gjennom studium av kommentarar til dei tekstane som blir lesne).
Læringsutbyte/resultat
Studentane skal få grundigare kjennskap til gresk språk og litteratur. Hovudmålet er å auke og styrke kunnskapane i formlære og syntaks, og gi ei systematisk innlæring av det sentrale ordforrådet.
Undervisningssemester
Undervisninga blir normalt gitt i haustsemesteret.
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ein tilrår at eksamen i GRE101 og GRE102 er avlagt før studenten går opp til eksamen i GRE103.
Undervisning og omfang
Undervisninga blir gitt i form av førelesningar over delar av pensum og øvingar i praktisk språkbruk, m.a. gjennom omsetjingar frå norsk til gresk.
Om lag 52 timar (to dobbelttimar i veka).
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar/1. september.
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen.
Vurderingsformer
Skuleeksamen på 6 timar med ordbok.
Ordboka skal vere frå gresk til morsmål eller frå gresk til anna valfritt språk og skal ikkje innehalde bøyingsmønster: Berg, Græsk-dansk ordbok eller ordbok av tilsvarande storleik.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Læremiddelomtale
Pensum er til saman på omlag 80 sider gresk prosatekst (30 liner = 1 side), minst 50 av desse lesne i kommenterte utgåver. Dessutan inngår ei handbok i gresk grammatikk og oversiktlege framstellingar av gresk litteratur- og filosofihistorie.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.