Gå til innhold
English A A A
Emne GRE350

Gresk mastergradsoppgåve

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 60
Undervisningssemester Haust/vår.
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Mastergradsoppgåva er det sentrale elementet i mastergradsstudiet som dei andre emna skal byggje opp under. Der skal studentane vise at dei meistrar gresk språk og klassisk filologisk metode eller annan metode som er relevant for temaet dei har valt. Tekststudiet står i sentrum - det kan gjelde litterære tekstar, innskrifter, dokumentariske papyri, osv., frå den antikke eller den bysantinske perioden - men det problem som mastergradsoppgåva er konsentrert om, kan vere språkvitskapleg, litteraturvitskapleg, historisk, religionshistorisk, resepsjonshistorisk osv. Oppgåva byggjer på eige arbeid under rettleiing, og er det element som veg tyngst når den endelege karakteren skal fastsetjast.

Læringsutbyte/resultat

Med mastergradsoppgåva skal studentane ha gjennomført eit sjølvstendig arbeid som viser forståing, refleksjon og modning. Oppgåva skal syne at studentane kan arbeide med og tolke eit tekstleg kjeldemateriale, er fortruleg med vitskapleg metode, og meistrar litteratursøking og bruk av forskingslitteratur og tekstbasar.

Undervisningssemester

Haust/vår.

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Master

Krav til studierett

Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i gresk ved UiB.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Minst 90 stp. i gresk på bachelornivå og minst 30 stp. i GRE301-306 (av dette er godkjend GRE306 obligatorisk).

Undervisning og omfang

Emnet for mastergradsoppgåva skal veljast i samråd med rettleiar. Prinsipielt kan alle relevante emne innafor gresk språk og litteratur frå antikken eller den bysantinske perioden veljast, men for å vere sikra rettleiing bør studentane velje eit emne i tilknyting til dei områda som er representerte blant faglærarane. Om oppgåva er av tverrfagleg art, kan rettleiinga skje i fellesskap med ekstern rettleiar. Studentane bør velje tema og problemstillingar som dei ut frå fagstudiar og andre forkunnskapar har særlege føresetnader for å arbeide med. Profilane på GRE303-306 skal veljast med direkte omsyn til temaet for oppgåva. Omfanget på mastergradsoppgåva skal liggje mellom 70 og 110 sider.

Obligatoriske arbeidskrav

Student og rettleiar skriv båe under på ein rettleiingskontrakt.

Vurderingsformer

Mastergradsoppgåva og ei munnleg prøve som tek utgangspunkt i masteroppgåva. Det blir gitt sensur / karakter på oppgåva før munnleg. Munnleg er justerande (med inntil ein karakter opp eller ned).

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no