Masteroppgåve i helsefremjande arbeid og helsepsykologi

Fakta om studiet

EmnekodeHEFR395
Studiepoeng60
UndervisingssemesterVår, Haust
Antall semester2
Undervisingsspråk
 Norsk og engelsk
Ressursar
TilhørerHEMIL-senteret

Kontakt

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ver venleg å ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet tlf: 55 58 27 10, e-post:studieveileder.psyfa@uib.no

Mål og innhald

Hovudmålet med mastergradsoppgåva er å kvalifisere til vitskaplege arbeidsformer.

Mastergradsoppgåva skal skrivast som monografi. Studentane vert oppmoda om å omarbeide oppgåva til artikkel etter eksamen. Oppgåva skal fortrinnsvis vere ein empirisk studie. Det er imidlertid også rom for å skrive ei reint teoretisk oppgåve.

Oppgåva kan skrivast på engelsk. For språkbruksreglar vert det vist til APA-manualen.

Læringsutbyte/resultat

Generelt læringsutbytte

Etter arbeidet med dette emnet skal studentane ha nådd følgjande generelle læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten:

  • har omfattande kunnskap om eit spesifikt tema innan helsefremjande arbeid/helsepsykologi
  • har inngåande innsikt i temaet for mastergradsoppgåva og relevant teori og empiri som kan belyse problemstillingane

Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan bruke sentrale forskningsprinsipp
  • kan analysere problemstillingar og datatilfang på ein systematisk og kritisk måte
  •  

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan gi ei nyansert, klar og presis framstilling av eit temaområde.

Spesifikt læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten:

  • har omfattande innsikt i eit spesifikt tema innan helsefremjande arbeid/helsepsykologi

Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan bruke sentrale forskningsprinsipp
  • kan analysere problemstillingar og datatilfang på ein systematisk og kritisk måte
  •  

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan gi ei nyansert, klar og presis framstilling av eit temaområde.

Det vert vidare forventa at kandidaten har nådd følgjande spesifikke læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten:

  • har omfattande innsikt i temaet for mastergradsoppgåva og relevant teori og empiri som kan belyse problemstillingane i oppgåva

Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan velje forskingsdesign i tråd med problemstillingane
  • kan velje og gjennomføre relevante analysetilnærmingar i tråd med type data og problemstillingar
  •  

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan gi ei skriftleg framstilling som belyser dei valde problemstillingane på ein akademisk god og reflektert måte
  • kan arbeide sjølvstendig med eit omfattande forskingsarbeid
  • har evne til å fremje sjølvstendige vurderingar og refleksjonar knytta til forskningstemaet

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett/(masterstudenter) på Masterstudiet i Helsefremjande arbeid/helsepsykologi ved Det psykologiske fakultetet

Krav til forkunnskapar

For å gjennomføre dette emnet må studenten ha gjennomført og bestått emna HEL310, HEL320A, HELSTA, HEFR330 og HEFR340

Tilrådde forkunnskapar

Metodekunnskap og akademisk skriving

Undervisning og omfang

Mastergradsoppgåva kan vere eit individuelt arbeid eller gjennomførast i gruppe på inntil to studentar. Oppgåva kan vere eit frittståande arbeid, men vert sterkt tilrådd å inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt. Oppgåva skal tilsvare 60 studiepoeng og vere på 70-100 sider. For nærare informasjon om struktur og innhald, sjå "Retningslinjer for mastergradsoppgaven i helsefremmende arbeid/helsepsykologi".

Undervisning og omfang

Mastergradsoppgåva kan vere eit individuelt arbeid eller gjennomførast i gruppe på inntil to studentar. Oppgåva kan vere eit frittståande arbeid, men vert sterkt tilrådd å inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt. Oppgåva skal tilsvare 60 studiepoeng og vere på 70-100 sider. For nærare informasjon om struktur og innhald, sjå ¿Retningslinjer for mastergradsoppgaven i helsefremmende arbeid/helsepsykologi¿.

Vurderingsformer

Skriftleg innlevering.Muntleg eksamen

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.