Gå til innhold
English A A A
Emne HIM103

Islam og politikk

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester  Det blir gjeve undervisning i emnet normalt berre i haustsemesteret.Det vert normalt og avvikla eksamen i undervisningsfritt semester (vårsemesteret).Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Studieadministrativ avdeling .
Fagleg overlapp  5 stp overlapp med RELV229 og RELV329
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Forholdet mellom religionen islam og politisk makt har vore eit sentralt debattema i den historiske utviklinga i nyare tid. Dette emnet fokuserer på teori og praksis i vår tid, satt i ei historisk ramme. Etter eit studium av politisk teori og praksis i klassisk tid, fokuserer emnet på dei ulike formene for religiøs politisk praksis i islam i det siste hundreåret, med vekt på framveksten av moderne islamisme. Denne blir studert i sine konkrete utformingar i sentrale land i Midtausten, og med fokus på ulike retningar og variasjonsbreidda i ytringsformene for islamsk politisk praksis.

Historisk teori og metode er ein del av pensum og undervisninga.

Læringsutbyte/resultat

 Kunnskapar:

Ved fullført emne skal studenten ha god kunnskap om karakteristiske trekk i ulike oppfatningar og praksisar rundt politisk islam i nyare tid. Vidare skal studentane ha kunnskap om dei røttene denne praksisen har i islamsk klassisk teori, og variasjonen innanfor begrepet politisk islam. Studenten skal kjenne til sentrale metodar og metodespørsmål knytt til historisk forsking.

 

Ferdigheiter:

Studenten skal vise evne til å drøfte historiske problemstillingar knytt til temaet og trekke eigne konklusjonar.

 

Generell kompetanse:

Studentane skal vise evne til å sette seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentere for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid.

Undervisningssemester

 Det blir gjeve undervisning i emnet normalt berre i haustsemesteret.

Det vert normalt og avvikla eksamen i undervisningsfritt semester (vårsemesteret).

Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Studieadministrativ avdeling .

Undervisningsspråk

 Normalt blir emnet undervist på norsk

Studienivå

 Bachelornivå

Institutt

 Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 Gode kunnskapar i engelsk er ein føresetnad.

Emnet byggjer på HIM 101.

Fagleg overlapp

 5 stp overlapp med RELV229 og RELV329

Undervisning og omfang

Undervisninga skjer i form av førelesingar (normalt om lag 12 førelesningar). Det blir gjeve undervisning i emnet normalt berre i haustsemesteret. Dersom det er ressursar, vil det i tillegg bli arrangert oppgåveseminar.

Obligatoriske arbeidskrav

  Ingen

Vurderingsformer

6-timars skriftleg skuleeksamen.

 

Det vert normalt også arrangert eksamen i semester utan undervisning (vår).

 

Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet.

Karakterskala

 Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

 Studiet bygger på eit pensum på rundt 1300 sider. Instituttet utarbeider pensumliste.

Undervisningsstad

 Bergen

Emneevaluering

 Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no