Oversyn over eldre historie til 1750
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Studiet omfattar perioden frå antikken til ca. 1750. Emnet er strukturert rundt tre oversiktstema: Det første, Bystat og imperium, er i hovudsak avgrensa geografisk til Middelhavsområdet og Midtausten og dekkjer tidsrommet opp til slutten av antikken. Det brukar ein sosiologisk innfallsvinkel til å kartleggja og forstå ulike måtar å innretta samfunn på. Det andre, Frå føydalisme til handelskapitalisme 500-1750, tar for seg økonomisk og sosial historie med utgangspunkt i Noreg og Europa, men etter kvart med eit globalt perspektiv. Det tredje oversiktstemaet, Europeisk stats- og organisasjonsutvikling 500-1750, er dominert av politisk historie og har som hovudmål å forklara utviklinga av det særeigne europeiske statssystemet, men i stadig jamføring med resten av verda.
Emnet er obligatorisk i ein spesialisering i historie, og i et historie årsstudium.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar:
Studenten skal ha grunnleggjande kunnskapar om sentrale hendingar, institusjonar, system og prosessar innanfor økonomisk, sosial og politisk historie opp til ca. 1750. Kunnskapane skal ha både norsk, europeisk og global referanseramme. Studenten skal også ha grunnleggjande kunnskap om historiefagets metode.
Ferdigheiter:
Studenten skal visa evne til å drøfta historiske problemstillingar, og til å trekkja eigne konklusjonar.
Generell kompetanse:
Studenten skal visa evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar derifrå, og til å argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid.
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsspråk
Normalt undervises emnet på norsk.
Studienivå
Bachelornivå
Institutt
Institutt for arkeologi, historie kultur og religionsvitenskap
Krav til studierett
Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk er viktig.
Undervisning og omfang
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar. Normalt 40 førelesingar.
Obligatoriske arbeidskrav
For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha godkjent obligatorisk skriftleg arbeid. Omfang, fristar og retningsliner for den obligatoriske aktiviteten blir gjort kjent ved opninga av studentweb. Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
6 timars skriftleg skuleeksamen. Obligatoriske arbeidskrav må vera gyldige for å kunna møte til eksamen. Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet.
Det vert også arrangert eksamen i semester utan undervisningstilbod (vår). Denne eksamen er bare open for studentar som har gyldige obligatoriske arbeidskrav i emnet.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er om lag 1200 sider.
Undervisningsstad
Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert jamleg.
Kontaktinformasjon
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.
studierettleiar@ahkr.uib.no