Gå til innhold
English A A A
Emne HIS108

Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Det blir normalt undervist i dette emnet kvart vårsemester.
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Emnet gir oversyn over norsk og europeisk historie i eit kjønnsperspektiv. Innafor kvar av dei store historiske periodane vert det spurt etter kva kontinuitet og endring i kjønnsarbeidsdeling og i tilhøve som gjeld makt og avhengigskap mellom kvinner og menn har hatt å seia både for dagleglivet og for dei store økonomiske, sosiale og politiske prosessane i samfunnet. Tilsvarande vert det spurt etter korleis utvikling og endring i samfunna har verka inn på levekår og handlingsrom for dei to kjønna gjennom tidene. Det inngår i emnet å få ei viss innsikt i kjønnshistorias teori og forskingshistorie.

 

Emnet inngår i Bachelorprogrammet for kvinne- og kjønnsstudier. Emnet kan også studerast uavhengig av dette studieprogrammet. Emnet kan inngå i ein spesialisering i historie.

Læringsutbyte/resultat

Kunnskapar

Studentane skal ha oversyn over kvinne- og kjønnshistorie gjennom å studera skiftande tilhøve mellom kjønn og samfunn gjennom tidene. Dei skal kjenne til sentrale forklaringar på den historiske utviklinga og dei vanlegaste teoriane omkring tilhøva mellom kjøna.

Ferdigheiter

Studenten skal vise evne til kritisk drøfting av historiske problemstillingar i eit kjønnsperspektiv og kunne trekke eigne konklusjonar ut av eit historisk materiale.

Generell kompetanse

Studenten skal visa evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid.

Undervisningssemester

Det blir normalt undervist i dette emnet kvart vårsemester.

Undervisningsspråk

Normalt undervises emnet på norsk.

Studienivå

Bachelornivå

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.

Krav til studierett

Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Undervisning og omfang

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar (normalt 12 førelesningar).

Obligatoriske arbeidskrav

For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet. Omfang, fristar og retningslinjer for obligatoriske undervisningsaktivitetar blir gjort kjent ved opninga av studentweb.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldige i éit semester etter det semesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

6-timars skriftleg skuleeksamen.

 

Obligatoriske undervisningsaktivitetar må vera gyldige for å kunne møte til eksamen.

 

Det vert også arrangert eksamen i semester utan undervisningstilbod (haust). Denne eksamen er bare open for studentar som har gyldige obligatoriske undervisningsaktivitetar i emnet.

 

Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er omlag 1200 sider.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no