Mål og innhald
Kurset vil gje innføring i programmering med hovudvekt på praktiske øvingar. Undervisninga og øvingsopplegget vil leggje vekt på løysing av konkrete og reelle problem frå ulike naturfag.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført emne INF109 skal studenten kunne:
- analysere enklare databehandling/berekningsproblem og skissere ei løysingsmetode
- skrive eit korrekt fungerande dataprogram som les inn data, for å så utføre løysingsmetoden før svaret anten vert skriven ut eller visualisert for brukaren
- behandle strukturerte datamengder ved hjelp av ei datamaskin
- ha kjennskap til oppbygging og bruk av grunnleggjande element i programmeringsspråket Python
Undervisningssemester
Haust og vår (Fargekode: grønn)
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit studieprogram ved det matematisk-naturvitskaplege fakultet.
Emnet er ikkje åpent for studenter på bachelorprogramma i datateknologi og datavitenskap, eller masterprogramma i informatik. For studenter på bachelorprogrammet i informatikk-matematikk-økonomi kan INF109 ikkje inngå som ein del av informatikkspesialiseringa i graden.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit studieprogram ved det matematisk-naturvitskaplege fakultet.
Emnet er ikkje åpent for studenter på bachelorprogramma i datateknologi og datavitenskap, eller masterprogramma i informatikk. For studenter på bachelorprogrammet i informatikk-matematikk-økonomi kan INF109 ikkje inngå som ein del av informatikkspesialiseringa i graden.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Obligatoriske arbeidskrav
Godkjente obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgende semesteret.
Obligatoriske arbeidskrav
Godkjente obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen. Eksamen kan foregå digitalt(på datamaskin). Det er høve til å gi karakter på innleveringsoppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli muntleg eksamen.
Både de obligatoriske arbeidskrava og eksamen må vere bestått for å få godkjent eksamen i emnet.
Ingen lovlege hjelpemiddel ved ordinær skriftleg eksamen. Hjelpefil er tillatt ved digital eksamen.
Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen. Eksamen kan foregå digitalt(på datamaskin). Det er høve til å gi karakter på innleveringsoppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli munnleg eksamen.
Både de obligatoriske arbeidskrava og eksamen må vere bestått for å få godkjent eksamen i emnet.
Ingen lovlege hjelpemiddel ved ordinær skriftleg eksamen. Hjelpefil er tillatt ved digital eksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.