Mål og innhald
Kurset gir ei innføring i kryptologi og kodeteori. Kryptologi er læra om korleis meldingar kan haldast hemmelege på ein slik måte at dei berre kan lesast med ein hemmeleg nøkkel. Kurset inneheld grunnleggjande metodar i konstruksjon av symmetriske og asymmetriske kryptosystem (public-key) og ei innføring i enkle kryptografiske protokollar og metodar for digitale signaturar som er den elektroniske varianten av handskrivne signaturar. Digitale signaturar vert brukt ved betaling i handel over internettet. Kodeteori er læra om korleis meldingar kan representerast (kodast) slik at feil som oppstår ved overføring eller lagring av data automatisk kan korrigerast. Slike system er grunnleggjande i all moderne dataoverføring (m.a. internett og mobiltelefon) og datalagring (magnetiske diskar, CD plater og andre media for lagring av tekst, lyd og bilete).
Emnet er delt i tre. 1) Verkty, 2) Introduksjon til kryptologi. 3) Introduksjon til kodingsteori.
1) Verkty: informasjonsteori, innføring i endelege kroppar og i talteori
2) Innføring i blokkchiffer (AES), og i offentleg nøkkel-kryptografi (RSA). Innføring i prinsipp for kryptografiske hashfunksjonar og digitale signaturar.
3) Døme på kodar (personnummer), Lineære kodar, Sykliske kodar, Hammingkodar, 2-feilkorrigerende BCH kodar med dekodingsalgoritmar.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført kurs skal studenten kunne:
- Gjera greie for det matematiske grunnlaget for informasjonsteori, kodeteori og kryptografi.
- Gjera greie for blokkchiffre som AES og offentleg nøkkel kryptografi(RSA).
- Gjera greie for konstruksjon av hashfunksjonar og digitale signaturar.
- Setja seg inn i og gjera greie for grunnleggjande kryptoalgoritmar.
- Gjera greie for og implementera enkle linære og sykliske kodar.
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Krav til forkunnskapar
Ingen
Fagleg overlapp
I145: 10stp
Undervisning og omfang
Undervisningsformen kan bli endret dersom det er få studenter som deltar.
Obligatoriske arbeidskrav
Godkjente obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgende semesteret.
Obligatoriske arbeidskrav
Godkjente obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli muntleg eksamen.
Ingen lovlege hjelpemiddel.
Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli munnleg eksamen.
Ingen lovlege hjelpemiddel.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.