Mål og innhald
Emnet tek for seg løysingsmetodar for lineære optimeringsmodellar. Tema som vert dekka er mellom anna simplexmetoden og indrepunktsmetoden for lineær programmering, nettverksalgoritmar, dualitetsteori og sensitivitetsanalyse.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført INF270 Innføring i optimeringsmetodar skal studenten kunne
- forklare korleis eit lineært optimeringsproblem kan løysast
- gjere greie for det matematiske grunnlaget for løysingsmetodane
- analysere løysinga til eit lineært optimeringsproblem
Undervisningssemester
Haust (Fargekode: blå)
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Krav til forkunnskapar
Ingen
Fagleg overlapp
I172: 10 SP
Obligatoriske arbeidskrav
Godkjente obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgende semesteret.
Obligatoriske arbeidskrav
Godkjente obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli muntleg eksamen.
Lovlege hjelpemiddel vert kunngjorde på Mi Side i starten på kvart semester.
Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli munnleg eksamen.
Lovlege hjelpemiddel vert kunngjorde på Mi Side i starten på kvart semester.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.