Formelle metodar for informasjonsvitskap
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 5 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Fagleg overlapp | Emnet overlappar 5 studiepoeng med MNF130, 5 studiepoeng mot INFO131 og 5 studiepoeng mot IV131. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Emnet skal gje grunnleggjande kunnskaper om formelle omgrep og metodar nytta innanfor grener av informasjonsvitskap. Det dannar grunnlag for studier i databasar, programmering og kunstig intelligens.
Fagleg innhald:
Elementær logikk og mengdelære, relasjonar og funksjonar. Grafar og tre.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:
- demonstrere teoretisk kunnskap om grunnleggjande omgrep knytt til logikk, mengdelære, relasjonar, funksjonar, grafar og tre.
- gjere greie for til eit utval av andre relevante omgrep som byggjer på desse.
- gjengi og forklare omgrep og resultat.
- forklare, evaluere og vurdere uttrykk og resonnement der desse vert nytta.
- demonstrere mestring av formelle uttrykksformer og metodar i eit spekter av samanhengar; frå konkret bruk i programmerings- og spørjespråk til abstrakt bruk gjennom formalisering av enklare fenomen.
- demonstrere kjennskap til matematiske/formelle uttrykksformer og resonnement.
- demonstrere grunnleggjande forståing av formalisering som metode og områda der denne vert nytta.
Undervisningssemester
Vår
Eksamenssemester
Vår/haust
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Fagleg overlapp
Emnet overlappar 5 studiepoeng med MNF130, 5 studiepoeng mot INFO131 og 5 studiepoeng mot IV131.
Undervisning og omfang
Førelesingar, labøvingar og gruppeøvingar (normalt 4 timar forelesing, 2 timar datalab og 2 timar gruppeøving i ca. 10 veker). Det blir forventa at studentane sjølve organiserer kollokvium.
Obligatoriske arbeidskrav
To beståtte innleveringsoppgåver.
Obligatoriske oppgåver må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Dei er gyldige berre eitt semester utover det semesteret dei har blitt godkjende.
Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen.
Karakterskala
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Emneevaluering
Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år.
Kontaktinformasjon
studieveileder@info.uib.no