Prosjektarbeid og forskingsdesign
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Fagleg overlapp | Full overlapp mot INFO300 og MEVI300 |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Målet med kurset er å få studentane tidleg i gong med arbeidet med masteroppgåva gjennom å gi praktisk og handverksmessig kunnskap om korleis ein gjennomfører eit masteroppgåveprosjekt frå idé til eit tilnærma fyrsteutkast. Gjennom utarbeiding av ei omfattande prosjektskisse (15-20s) skal dei få auka innsikt i akademisk skriving, litteratursøking og forskingsdesign meir allment, med særskild vekt på val av relevant teori og metode og ei fornuftig avgrensing av prosjektet. Prosjektskissa dannar grunnlaget for masteroppgåva.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført emne skal kandidaten kunne
- gjengi krava til ei prosjektskisse for eit masterarbeid i medie- eller informasjonsvitskap, så vel som dei vitskaplege krava til og arbeidsomfanget til ei masteroppgåve
- gje ein oversikt over dei sentrale forskingsmiljøa på instituttet
- drøfte moglege etiske problemstillingar og relatert lovverk/søknadsprosedyrer
- gje eit oversyn over breidda av metodiske tilnærmingar i faget
- skaffa seg grunnleggjande kjennskap til relevant forsking/teori innan sitt valde fagfelt og metodane som er tenkt nytta, deriblant nytte tenestene og litteratursøkemogligheitene via UB
- formulera klare problemstillingar, trekkja inn relevant forsking på det aktuelle feltet og utforme metodisk veleigna forskingsopplegg for si masteroppgåve
- vurdere andre sitt forskingsopplegg kritisk og gje konstruktive tilbakemeldingar på desse
- utforma ei skisse til prosjekt som kan danne eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet med masteroppgåva, og gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt på masternivå i medie- eller informasjonsvitskap
Undervisningssemester
Vår
Eksamenssemester
Haust og vår
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Master
Krav til studierett
Emnet er reservert studentar på masterprogramma i informasjonsvitskap og i medievitskap.
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad eller tilsvarande.
Fagleg overlapp
Full overlapp mot INFO300 og MEVI300
Undervisning og omfang
Førelesning og seminar. Individuell og plenumsbasert rettleiing.
Ca. 2 timar undervisning per veke i ca. 12-14 veker
Obligatoriske arbeidskrav
Det er tre obligatoriske innleveringar. Etter fire veker skal studentane levere eit kortare framlegg til prosjektskildring på 3-4 sider. Etter åtte veker skal studenten levere eit fyrsteutkast på 10-15 sider. Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i eitt semester utover undervisningssemesteret. Ved kursslutt skal studenten levere eit endeleg utkast på 15-20s. Dette siste utgjer eksamen.
Det er obligatorisk oppmøte.
Vurderingsformer
Prosjektskildring.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Emneevaluering
Opplegget og undervisninga vert evaluert i slutten av semesteret.
Kontaktinformasjon
studieveileder@mevi.uib.no; studieveileder@info.uib.no