Basic Course in Research Tools and Theory
Fakta om studiet
| Emnekode | INTH301 |
| Studiepoeng | 6 |
| Undervisningsstart | Høst |
| Antall semester | 1 |
| Undervisingsspråk | Engelsk |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for global helse og samfunnsmedisin |
Kontakt
Kontaktinformasjon
Senter for internasjonal helse
Tlf: 55588560, e-post:. studie.cih @ uib.no
Mål og innhald
Kurset er fordelt på 3 modular: 1) Korleis ein finn og handterer litteratur, bruk av referansesystem (EndNote), handtering og analyse av data. 2) Vitskapleg skriving, inkludert planlegging av prosjektplan frå A-Å, planlegging og skriving av vitskaplege artiklar, og ein leksjon om fusk og plagiering. 3) Vitskapsteori, vitskapsfilosofi og forskingsetikk.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar
Etter fullført emne skal studentane kunne
- vise korleis ein søkjer og finn relevant litteratur
- skildre korleis ein planlegg og skriv prosjektplan
- kjenne generell vitskapsteori og filosofi, og etiske prinsipp for forsking
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studentane kunne
- handtere og analysere enkle datasett
- finne aktuell litteratur
- vise korrekt siteringspraksis og korleis ein kan unngå plagiering
- kommunisere vitskapeleg gjennom skriving og presentasjon ved vitskapelege møte
Kompetanse
Etter fullført emne skal studentane kunne
- vise evne til å reflektere over eigen forsking
- delta i diskusjon om og evaluering av alle sider ved eit forskingsprosjekt
Undervisningssemester
Haust
Studienivå
Master og PhD
Krav til studierett
Ope for alle registrerte studentar på masternivå og / eller PhD-nivå ved Universitetet i Bergen
Krav til forkunnskapar
Minimum ein god bachelorgrad, jamfør krav for masterstudiet.
Undervisning og omfang
Ei blanding av førelesingar, individuelle oppgåver, gruppeoppgåver og individuelle studiar.
Obligatoriske arbeidskrav
Delta i førelesingar og gruppearbeid
Vurderingsformer
Skriftleg heimeeksamen. Innlevering den fyrste veka av januar
Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Karakterskala
Karakterskala A-F
Læremiddelomtale
Førelesingsnotat og utdelt materiale. Anna litteratur vil verte anbefalt i løpet av kurset
Undervisningsstad
Senter for internasjonal helse, Universitetet i Bergen.
Emneevaluering
Studentar evaluerer undervisninga jamfør kvalitetsvurderingskrava ved Universitetet i Bergen. Evalueringsmetoden er elektronisk via internett