Global TB Epidemiology and Intervention
Fakta om studiet
| Emnekode | INTH328A |
| Studiepoeng | 2 |
| Undervisningsstart | Vår |
| Antall semester | 1 |
| Undervisingsspråk | Engelsk |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for global helse og samfunnsmedisin |
Kontakt
Kontaktinformasjon
Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Tlf: 55588560; e-post: studie.cih@.uib.no
Mål og innhald
Eit fem dagars kurs om tuberkulose, som fokuserer på epidemiologi, kliniske kjenneteikn, mikrobiologiske aspekt, inngreps- og kontrollstrategiar, med spesielt fokus på område kor det er naudsynt med meir forsking. Ved å skildre epidemiologi og inngrepsstrategiar, vil det også verte fokus på sosio-kulturelle aspekt. Kvar dag vil det vere ei blanding av førelesingar og gruppearbeid rundt dagens tema. Ei handbok for gruppearbeidet vert delt ut til studentane ved starten av kurset.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskaper
Etter fullført kurs skal studentane kunne
- greie ut om viktige sosio-kulturelle aspekt ved tuberkuloseepidemien
- kjenne viktige faktorar ved eksponering, infeksjon og sjukdom
- vite korleis lækjemiddelresistens kan verte utvikla og korleis han vert kontrollert
Ferdigheiter
Etter fullført kurs skal studentane kunne
- vurdere føremonner og ulemper ved ulike diagnostiske metodar
- vurdere innverknaden som HIV-infeksjon og resistens mot lækjemiddel har på tuberkuloseepidemien
- diskutere dei globale strategiane for å identifisere smittekjelder og for å handsame tuberkulosepasientar
- vurdere rolla til konsulentar for rådgjeving og jamlege evalueringar av nasjonale tuberkuloseprogram
Generell kompetanse
Etter fullført kurs skal studentane kunne
- evaluere globale intervensjonar for å kontrollere tuberkuloseepidemien
Undervisningssemester
Vår
Krav til studierett
Ope for alle registrerte studentar på programma ¿Master of Philosophy in International Health¿, ¿Master of Philosophy in Oral Health¿ og ¿Master of Philosophy in Health Sciences, studentar med TropEd-avtaler, samt studentar med PhD-opptak ved Det medisinsk-odontologiske fakultet ved Universitetet i Bergen.
Krav til forkunnskapar
Opptak på masternivå og / eller PhD-nivå ved Universitetet i Bergen (t.d. TropEd Europe network).
Engelskkunnskap på eit nivå rundt TOEFL 550 eller IELTS 6.0.
Undervisning og omfang
Kvar dag starter med innleiingsførelesingar på 3-4 timar. Førelesingane er interaktive og studentane vert oppmoda til å kommentere og stille spørsmål undervegs. Etter lunsj er det gruppearbeid, som er knytt til førelesingsemnet. Ved slutten av dagen vil ei av gruppene presentere dagens oppgåve og alle deltakarane diskuterer emnet i plenum. Ei handbok vert delt ut i starten av kurset.
Obligatoriske arbeidskrav
Obligatorisk oppmøte (førelesingar, gruppearbeid, framføringar)
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Studentar evaluerer undervisninga jamfør kvalitetsvurderingskrava ved Universitetet i Bergen. Evalueringsmetoden er elektronisk via internett