Gå til innhold
English A A A
Emne ISL102

Islandsk litteratur og samfunn

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår, men ikkje fast.

OBS: Det vert ikkje undervisning og eksamen i emnet våren 2014. 
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane ei innføring i islandsk litteratur og islandske samfunnsforhold. Studiet byggjer på gjennomgåing av skjønnlitterære tekstar, for det meste i omsetjing, med hovudvekt på samtidslitteratur. Spesiell vekt blir lagd på å skildre samfunnsutviklinga slik ho avspeglar seg i desse tekstane, blant anna ved hjelp av artiklar om litteraturhistorie, einskildforfattarar og allmenn historie.

Emnet kan inngå på nordisk 200-nivå - spesialisering i nordisk språk og litteratur, og tilfredstiller kravet til bacheloroppgåve.

Læringsutbyte/resultat

Studentane skal kunne gje oversikt over einskilde delar av samfunnsutviklinga slik ho avspegla i pensumet, og i tillegg vere i stand til å analysere einskilde skjønnlitterære tekstar og setje innhaldet i samanheng med samfunnsutviklinga.

Undervisningssemester

Vår, men ikkje fast.

OBS: Det vert ikkje undervisning og eksamen i emnet våren 2014.

 

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan òg verte brukte i nokon grad.

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisning og omfang

Om lag 26 timar førelesingar, tilsvarande 1 dobbeltime i veka.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatoriske arbeidskrav

1) Innlevering av pensumliste.

2) I løpet av semesteret skal studentane ha ei munnleg innleiing på 10-15 minutt, om sjølvvalt tema.

3) Rettleiing på semesteroppgåva er obligatorisk og blir gjeven etter reglar som instituttet fastset.

Frist for godkjenning av tema for oppgåva er fem veker før endeleg innlevering.

Frist for innlevering av førsteutkast til semesteroppgåva er tre veker før endeleg innlevering.

Vurderingsformer

Eksamensform er ei rettleidd semesteroppgåve og ei teljande, munnleg prøve.

Studenten vel i utgangspunktet emne for semesteroppgåva. Semesteroppgåva skal ikkje vere lengre enn 5000 ord eller 30000 teikn, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

Den munnlege prøva omfattar semesteroppgåva og pensumet i emnet. Det blir gjeve eigne karakterar for oppgåva og den munnlege prøva. Ved utrekning av samla karakter tel semesteroppgåva 60 % og den munnlege prøva 40 %.

Det er høve til å ta eksamen i haustsemesteret dersom obligatoriske arbeidskrav er innfridde i det føregåande vårsemesteret.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Læremiddelomtale

Pensum i islandsk litteratur og samfunn er til saman om lag 1000 sider av normal vanskegrad (vekta sider).

Undervisningsstad

Bergen.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no