Italiensk språk I
Fakta om studiet
| Emnekode | ITAL111 |
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisingssemester | Vår |
| Antall semester | 1 |
| Undervisingsspråk | Italiensk og norsk |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for fremmedspråk |
Kontakt
Kontaktinformasjon
studierettleiar@if.uib.no
Mål og innhald
Emnet skal gi eit oversyn over lydsystemet i italiensk og ei systematisk innføring i italiensk grammatikk. Øvingane som inngår i emnet, har som mål å integrere grammatikken i studiet av enklare tekstar for å øve opp evna hjå studentane til å forstå italiensk og sjølve kunne uttrykkje seg.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga inneheld både oversynsførelesingar og timar der studentane arbeider aktivt med det språklege stoffet som er gjennomgått på førelesingane.
Det totale omfanget av undervisninga i emnet er normalt på 6 timar i veka i 12 veker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Anten godkjend deltaking i fonetikk undervisninga eller ei intern munnleg prøve (godkjend/ikkje godkjend). Kva for krav som gjeld blir kunngjort på Mi Side i byrjinga av semesteret.
Undervisningssemester
Vår
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Undervisningsstad
Bergen
Læringsutbyte
Etter fullført emne har studentane
- grunnleggjande kunnskap om det italienske språksystemet
- utvikla ei viss evne til å uttrykkje seg på italiensk
- evne til å presentere og diskutere grammatiske problemstillingar i ein konkret tekst
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men for å gjennomføre emnet trengst det forkunnskapar i italiensk som svarar til nivå 2 frå vidaregåande skole eller til nivået frå ITAL001 eller ITAL002.
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men for å gjennomføre emnet trengst det forkunnskapar i italiensk som svarar til nivå 2 frå vidaregåande skole eller til nivået frå ITAL001 eller ITAL100.
Tilrådde forkunnskapar
For å gjennomføre emnet, trengst det forkunnskapar i italiensk som svarar til nivå 2 frå vidaregåande skole eller til nivået frå ITAL001 eller ITAL002.
Tilrådde forkunnskapar
For å gjennomføre emnet, trengst det forkunnskapar i italiensk som svarar til nivå 2 frå vidaregåande skole eller til nivået frå ITAL001 eller ITAL100.
Læremiddelomtale
Pensum er ein større italiensk grammatikk.
Eit presis pensumoversyn finn ein på Mi side.
Vurderingsformer
Eksamen er ei 6 timars skriftleg prøve i grammatikk med fleire einskildoppgåver. Det skal nyttast norsk eller italiensk for å svare på oppgåva i grammatikk.
Studentane kan nytte eittspråkleg (italiensk-italiensk) ordbok godkjend av instituttet.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.