Innføring i kinesisk språk 1

Fakta om studiet

EmnekodeKIN101
Studiepoeng15
UndervisingssemesterVår
Antall semester1
Undervisingsspråk
Engelsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for fremmedspråk

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Mål og innhald

Dette er eit tilbod til studentar som ønskjer grunnopplæring i moderne mandarin. Mandarin er hovudspråket i mellom anna fastlands-Kina og Taiwan, og er inngangsporten til ei av verdas eldste sivilisasjonar. Det er det språket i verda som har flest morsmålsbrukarar.
Studentane skal tileigne seg praktisk dugleik i moderne mandarin, både skriftleg og munnleg. Dei skal lære seg god uttale ved hjelp av transkripsjonssystemet Hanyu pinyin, eit grunnleggjande vokabular, samt eit visst tal skriftteikn.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne skal studentane kunne lese enkle tekstar og føre ein enkel samtale på mandarin.

Undervisningssemester

Haust og vår

Studienivå

Bachelor, 100-nivå

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse

Tilrådde forkunnskapar

God dugleik i engelsk

Undervisning og omfang

Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar og gruppearbeid. Det er om lag 8 timar undervisning i uka.

Obligatoriske arbeidskrav

Dette kurset har jamlege obligatoriske heimeoppgåver. For å kunna gå opp til eksamen må studenten levera inn desse oppgåvene og få godkjend 75 prosent av dei. Det blir kravd at studentane har 75 prosent oppmøte til undervisninga for å få vurdering i emnet.

Vurderingsformer

Munnleg prøve på 15-20 minutt. Eksamen blir arrangert i semester med undervisning, med moglegheit til å ta ny eksamen i følgjande vårsemester. For å kunne ta eksamen om våren, må dei obligatoriske oppgåvene vere godkjend i undervisningssemesteret.

Karakterskala

Det vert nytta karakterskala gradert frå A til F.

Læremiddelomtale

Tekstbok for nybyrjarar med tilhøyrande arbeidsbok, og multimedia-verkty.

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen.

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt arbeid for å betre studiet blir kursets studieopplegg jamt evaluert, m.a. ut frå tilbakemeldingar frå studentane.