Syntetisk uorganisk kjemi

Fakta om studiet

EmnekodeKJEM122
Studiepoeng10
UndervisingssemesterVår
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerKjemisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i korleis metallkompleks vert danna, fungerer og reagerer. Bindingstypane mellom metallet og forskjellige typar ligander er eit sentralt moment. Historisk og moderne bruk av metallkompleks innanfor industriell katalyse blir omtala. Laboratoriekurset illustrerar metallkompleksers bruksmåte og eigenskaper som funksjon av pH og omgivande kjemisk miljø. Klassifisering og identifisering av uorganiske ioner i ein ukjent prøve blir utført i detalj.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne KJEM122 skal studenten kunne:

  • forklare dei viktigaste reaksjonsmekanismane innanfor metallkomplekskjemi
  • identifisere og diskutere forskjellige typar ligander
  • beskrive dei hovudsaklege bindingstypane mellom ligand og metall
  • eksemplifisere dei viktigaste industrielle katalyseprosessane basert på metallkompleks
  • sjølvstendig utføre elementær metallkomplekssyntese samt kvalitative uorganisk analyse

Undervisningssemester

Vår (Fargekode: gul). Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info:http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Eksamenssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Krav til forkunnskapar

KJEM 100 eller KJEM110, KJEM120

Fagleg overlapp

K102: 2stp, K241: 2stp, KJEM121: 4stp

Obligatoriske arbeidskrav

Laboratoriekurs med journalføring. Obligatorisk prøve som må vere bestått. Gjennomførte obligatoriske aktivitetar er gyldige i 6 påfølgande semester.

Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjend HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs


Vurderingsformer

Skriftleg eksamen (4t). Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: Enkel lommekalkulator i tråd med retningslinjene til fakultetet. Book of Data. Nuffield Advanced Science.Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet. 

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.