Grunnleggjande kvantemekanikk

Fakta om studiet

EmnekodeKJEM221
Studiepoeng10
UndervisingssemesterVår
Antall semester1
Undervisingsspråk
Engelsk
Ressursar
TilhørerKjemisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.

Mål og innhald

Med utgangspunkt i nokre få aksiom gir emnet ei systematisk innføring i grunnleggjande kvantemekanikk. Presentasjonen nyttar i stor grad språk og omgrep henta frå lineær algebra. Deretter blir det gitt ein gjennomgang av ei rad enkle modellsystem for å vise korleis desse kan skildrast ved hjelp av kvantemekanikk og for at studentane skal gjere seg kjent med kvantemekaniske fenomen, dvs. fenomen som ikkje har motstykke i klassisk mekanikk. Den kvantemekaniske teorien for vinkelmoment blir presentert, inkludert kopling av vinkelmoment frå to kjelder. Studentane tileigner seg ulike matematiske teknikkar for å finne tilnærma løysingar for kvantemekaniske system. Mange molekyl er i større eller mindre grad symmetriske, og til slutt i emnet lærer studentane å utnytte denne symmetrien ved løysing av kvantemekaniske problem.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne KJEM221 skal studenten kunne:

  • greie ut om grunnleggjande storleikar i den kvantemekaniske teorien og nytte desse i analyse av idealiserte måleprosessar.
  • utleie kvantemekaniske modellar for enkle modellsystem og bruke desse til å demonstrere særtrekk ved kvantemekaniske system.
  • beskrive elektroniske og spektroskopiske system ved hjelp av teorien for kvantemekaniske vinkelmoment.
  • bruke matematiske teknikkar for å lage tilnærma kvantemekaniske modellar.
  • analysere molekylær symmetri og utnytte dette ved bestemming av orbitalar.

Undervisningssemester

Kvar andre vår.

Eksamenssemester

Det er ordinær eksamen kun semesteret emnet vert undervist og det påfølgende semesteret.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MAT121

Fagleg overlapp

PHYS201: 10stp, K221: 10 stp

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen (4t). Midtveiseksamen og/eller innleverte arbeider kan gjelde inntil 25% av endeleg karakter. Dersom det er få deltakarar på kurset kan det bli munnleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel ved avsluttande eksamen: Matematisk formelsamling, lommekalkulator og 5 A4-sider med studentane sine eigne notat.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen (4t). Midtveiseksamen og/eller innleverte arbeider kan gjelde inntil 25% av endeleg karakter. Dersom det er få deltakarar på kurset kan det bli munnleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel ved avsluttande eksamen: Matematisk formelsamling, enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar og 5 A4-sider med studentane sine eigne notat.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.