Eksperimentell organisk syntese
Fakta om studiet
| Emnekode | KJEM232 |
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisingssemester | Høst |
| Antall semester | 1 |
| Undervisingsspråk | Engelsk |
| Ressursar | |
| Tilhører | Kjemisk institutt |
Kontakt
Kontaktinformasjon
Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.
Mål og innhald
Gjennom eksperimentelt arbeid vil studenten lære forskjellige laboratorieteknikkar samt fleire sentrale syntetiske reaksjonar frå organisk og metallorganisk kjemi. Relevante analytiske teknikkar vil bli diskuterte og brukte. Studenten skal lære seg å arbeide på ein trygg, sikker og nøyaktig måte, i samsvar med god HMS-praksis.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført emne KJEM232 skal studenten:
- kunne analysere og utarbeide flytskjema for avanserte fleirtrinns prosessar og syntesar.
- kjenne til eit utval av viktige kjemiske reaksjonar og fleirtrinn syntesar og prosessar som er nytta i samband med syntese av viktige organiske sambindingar.
- kunne skrive reaksjonsskjema og mekanismar for organisk syntese reaksjonar.
- kunne utføre eksperimentelt arbeid i organisk syntese laboratorium og kjenne til dei forskjellige apparata og glasutstyr som vert nytta.
- skrive syntesetabell, berekne utbytte og nokre grønnkjemi parametere, skrive konsis laboratoriejournal og nytte denne for skriving av laboratorierapport og for å presentere resultata munnleg.
Undervisningssemester
Haust. Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Masterstudentar har fyrsteprioritet på emnet.
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Tilrådde forkunnskapar
KJEM 231 (kan takast parallelt) og KJEM230.
Fagleg overlapp
K231: 5stp, K242: 5 stp
Obligatoriske arbeidskrav
Laboratoriekurs m/journal og to større rapporter, opplæring i instrumentbruk, munnlege presentasjonar og mindre skriftlege oppgåver.
Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjend HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs
Vurderingsformer
Karakter for kurset blir gjeve på følgjande grunnlag:
- Laboratoriearbeid etter kriterium som er gjevne på førehand (25%)
- Laboratoriejournalar, rapportar, andre skriftlege oppgåver og munnlege presentasjonar (25 %)
- Munnleg eksamen (50%). (Dersom fleire enn 4 oppmeldte kan det bli skriftleg eksamen (2t)).
Utfyllande eksamensreglar:
1. I undervisningssemester må alle obligatoriske deler utførast. Avsluttande eksamen kan ein fyrst ta når alle obligatoriske delar er bestått.
2. I semester utan undervisning:
- Studentar som har gjennomført kurset og har fått godkjent alle obligatoriske delar, kan også gå opp til avsluttande eksamen året etter.
- Studentar utan godkjende obligatoriske delar frå året før kan ikkje ta eksamen.
Oppgåver, journalar og andre obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.