Mål og innhald
Emnet gjev ei innføring i teorien for moderne puls NMR-spektroskopi i væsker, med vekt på produktoperatorteori for første ordens spinnsystem i ein- og to-dimensjonale homo- og heteronukleære pulseksperiment. Pulssekvensdiagram, fasesykling, gradientseleksjon og koherensoverføringsvegar/-skjema vert gjennomgåtte. Produktoperatorteorien gjer det mogleg å analysera og forklara ei rekkje viktige pulseksperiment som ein ikkje kan med den enkle vektormodellen. Pulssekvensane som vert gjennomgått, har studentane allereie praktisk kjennskap til frå KJEM251. For dei pulssekvensane som krev det, tek kurset også med ei grundigare handsaming av eit utvalg av følgjande tema: Til dømes andre ordens spinnsystem, relaksasjon, den nukleære Overhauser-effekten, kjemisk utveksling eller diffusjon. Høvelege simuleringsprogram blir brukte til å illustrera dei teoretiske prinsippa og for å gjera det mogleg å bruka produktoperatorar i praksis.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført emne KJEM306 skal studenten kunne:
- gjera greie for spinnsystem og enkle døme på bruk av teorien for desse.
- analysera NMR-pulssekvensar for system i væskefase ved hjelp av produktoperatorar, og samanlikna vektormodellen og produktoperatorteorien for desse pulssekvensane.
- forklara bruk av fasesykling og gradientseleksjon i NMR-pulssekvensar.
- visa korleis koherensoverføringsvegar/-skjema saman med pulssekvensdiagram oppsummerer utviklinga for førsteordens spinnsystem i løpet av enkle NMR-pulssekvensar.
- gjennomføra simuleringar av pulssekvensar som er i praktisk bruk, ved hjelp av utvald programvare.
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Krav til forkunnskapar
KJEM251 eller tilsvarende
Fagleg overlapp
K305: 10 stp, K305A: 10 stp
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen (4 t). Dersom 4 eller færre oppmeldte kan det bli munnleg eksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.