Mål og innhald
Emnet gir ein taksonomi av multikomponentsystem med ein oversikt over dei mest sentrale teknikkar for oppløysing/kvantifisering av blandingar analysert med multidetektorinstrument. Vidare omhandlast multivariate deteksjonsgrenser, generaliserte resolusjonsparametre, samt innverknad av støy, drift, baselineeffekter og forbehandling av data på resultata frå dei forskjellige metodane. Øvingane utførast på datamaskin der ein nyttar metodane på kromatografiske/spektroskopiske data frå komplekse blandingar av industriell, miljømessig, medisinsk (inkludert plantemedisinsk) opphav.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført emne KJEM325 skal studenten kunne:
- forklare prinsippa bak ulike metodar for kurveoppløysing av multikomponentsystem.
- vurdere fordeler og ulemper ved de forskjellige metodane.
- beskrive og forklare instrumentelle faktorar som påverkar datakvalitet og -struktur i multideteksjonssystem, og betydinga desse faktorane har for arbeidet med dataanalysen.
- programmere kurveoppløysingsmetodar i MATLAB.
- utføre ei sjølvstendig kurveoppløysing på ein datamaskin med sjølvlaga eller eksisterande programvare.
Undervisningssemester
Kvar andre vår. Emnet går ikkje dersom studenttalet er lavt.
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kun semesteret emnet vert undervist og det påfølgende semesteret.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Krav til forkunnskapar
KJEM225 eller tilsvarande
Fagleg overlapp
K325: 10 stp
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen
Vurderingsformer
Munnleg eksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.