Mål og innhald
Det teoretiske grunnlaget for fotokjemien vert drøfta basert på lysets eigenskapar og bindingsforholda hos molekyler. Vidare blir det gitt ei oversikt over dei viktigaste typane av fotokjemiske reaksjonar med vekt på reaksjonsmekanismar og syntetisk bruk. Reaksjonanes følsemd overfor steriske og konformasjonelle forhold blir vektlagt.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført emne KJEM331 skal studenten kunne:
- gjera greie for kva som skjer når organiske sambindingar blir eksiterte av lys.
- diskutera dei viktigaste fotokjemiske reaksjonane for organiske sambindingar.
- skissera hovudtrekka i reaksjonsmekanismane for dei viktigaste fotokjemiske reaksjonane.
- gjera greie for reaktorar og anna utstyr som blir brukte for å utføra fotokjemiske reaksjonar.
- bruka relevante omgrep og fagterminologi på ein presis måte.
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kun semesteret emnet vert undervist og det påfølgende semesteret.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Krav til forkunnskapar
Ingen
Fagleg overlapp
K331: 10 stp
Vurderingsformer
Munnleg eksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.