Mål og innhald
I kurset blir grunnlaget og prinsippa for retrosyntese grundig gjennomgått og anvendt til å utarbeide strategi i organisk syntese. Det blir gitt ein oversikt over dei viktigaste reaksjonane som nyttast i organisk syntese. Dei ulike former for selektivitet som observerast, blir diskutert med basis i reaksjonanes mekanismar. Stoffet belysast ved å studere eit utval av totalsynteser frå litteraturen.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført emne KJEM334 skal studenten kunne:
- bruka retrosyntetisk analyse til å utarbeida og samanlikna alternative syntesar av komplekse organiske molekyl.
- gjera greie for viktige klassiske og moderne reaksjonar som blir nytta i organisk syntese.
- diskutera korleis reaksjonsvilkåra påverkar utfallet av viktige reaksjonar med omsyn til regio- og stereoselektivitet.
- skissera klassiske totalsyntesar av nokre naturprodukt.
- gi eit oversyn over nye teknikkar som har blitt introduserte i organisk syntese dei seinare år.
- bruka relevante omgrep og fagterminologi på ein presis måte.
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kun semesteret emnet vert undervist og det påfølgende semesteret.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
KJEM 130, KJEM 231
Obligatoriske arbeidskrav
Kvar student skal halde eitt innlegg over oppgitt emne.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.