Industriell organisk kjemi

Fakta om studiet

EmnekodeKJEM336
Studiepoeng10
UndervisingssemesterVår, Haust
Antall semester1
Undervisingsspråk
Engelsk
Ressursar
TilhørerKjemisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.

Mål og innhald

Hovudformålet med kurset er å gje studentane auka innsikt i kjemisk prosessindustri, med spesiell vekt på organisk kjemiske prosesser og produkt, korleis organiske produkt framstillast kommersielt i stor skala i dag, og kva for krav som stillast til kommersielle produkt og prosessar både frå myndigheiter og kundar.

Vidare belysast korleis ein designar og oppskalerar prosesser for framstilling av organiske finkjemikaliar, med spesiell fokus på prosessøkonomi, Helse-, Miljø- og Sikkerheitsmessige aspekt (HMS), samt kvalitet i produksjon og produkt.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne KJEM336 skal studenten kunne:

  • greie ut om kjemisk prosessindustri, spesielt industriell organisk kjemisk industri slik den blir praktisert innanfor organisk finkjemikalieproduksjon i dag.
  • kjenne til korleis kjemiske prosessar blir skalert opp frå laboratorieskala via pilotskala til kommersiell stor-skalaproduksjon.
  • vere i stand til å gjere innleiande investerings- og produksjonskalkylar for bestemte kjemiske prosessar.
  • gjere lønnsemdberekningar av kjemiske prosessar og prosjekt

Undervisningssemester

Uregelmessig (ved behov). Haust. Emnet går ikkje dersom studenttalet er lavt.

Eksamenssemester

Det er ordinær eksamen kun semesteret emnet vert undervist og det påfølgende semesteret.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til forkunnskapar

KJEM110, KJEM130, KJEM131 eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

KJEM110, KJEM130, KJEM131 eller tilsvarande

Obligatoriske arbeidskrav

Godkjend rapport frå prosjektoppgåva.

Vurderingsformer

Mappeevaluering basert på munnleg eksamen (50%) og prosjektoppgåve (50%).

Utfyllande eksamensregler:

1. Gjennomført prosjektoppgåve er gyldig i eitt påfølgande semester

2. I semester med undervisning:

a. Alle som tek emnet må gjennomføre mappeevaluering

3. I semester utan undervisning:

a. Studentar med godkjend prosjektoppgåve frå føregåande semester tek bare avsluttande munnleg eksamen. Denne, saman med prosjektoppgåva frå semesteret før, teller 50% kvar på sluttkarakteren

b. Studentar utan godkjend prosjektoppgåve frå føregåande semester kan ikkje avlegge eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.