Gå til innhold
English A A A
Emne KUN121

Kunst og arkitektur i antikk og mellomalder (ca. 600 f.Kr.-1400)

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester  Vår
Fagleg overlapp  Emnet har full overlapp med tidligare emne KUN111.
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

 Undervisninga skal gi eit innblikk i kunst og visuell kultur i antikken og mellomalderen. Førelesingsrekka starter med ei innføring i sentrale tolkingsverktøy (arkitekturanalyse, bilettolking). Innan antikken vert gresk kunst og arkitektur frå arkaisk til og med hellenistisk tid ca. 600 f. Kr ¿ ca. år 0), og romersk kunst og arkitektur til og med seinantikken og tidleg kristen tid lagt særleg vekt på. Mellomalderen dekker bysantinsk kunst, arkitektur og visuell kultur (ca. 330-1453), og kunst, arkitektur og visuell kultur i sentrale delar av Vest-Europa med Noreg, fram til ca. 1400. Vi vil sette konkrete verk inn i ein kontekst, og diskutere dei ut frå historiske, kulturelle, estetiske, tekniske, ikonografiske, religiøse og teoretiske perspektiv.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført emnet skal studenten

  • kjenne til sentrale trekk innan biletkunst, arkitektur og visuell kultur frå antikken og mellomalderen.
  • kjenne til grunnlagsproblem innan kunsten i perioden
  • kunne nytte kunsthistorisk metode til å analysere og reflektere over spørsmål kring eldre kunst og visuell kultur.
  • kunne vise geografisk tilhøyring og datering av ulike kunstverk frå perioden.
  • kunne formidle kunnskapen sin munnleg og skriftleg for eit generelt publikum, på ein akademisk måte.
  • ha basiskunnskap om utviklinga av kunsthistoria som disiplin.

Undervisningssemester

 Vår

Eksamenssemester

 

Undervisningsspråk

 Norsk

Studienivå

 Bachelor

Institutt

 Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Denne eksamenen er og open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet.

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 Ingen

Fagleg overlapp

 Emnet har full overlapp med tidligare emne KUN111.

Undervisning og omfang

Undervisinga blir gitt som førelesingar, normalt 12-14 dobbelttimer.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatoriske arbeidskrav

 Ingen

Vurderingsformer

 Eksamen er ei 6 timars skuleeksamen.

Karakterskala

 Karakterskala A til F

Læremiddelomtale

 Pensum er på om lag 1000 sider.

Undervisningsstad

 Bergen

Emneevaluering

 Evaluering blir gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.