Gå til innhold
English A A A
Emne KUN122

Kunst og arkitektur i tidleg nytid (1400-1750)

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester  Vår
Fagleg overlapp  Ingen
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

 Emnet skal gi eit overblikk over kunst, arkitektur og visuell kultur i tidleg nytid, sett i ein brei kulturhistorisk og sosial kontekst. Emnet vil konsentrere seg om kunsten i sentrale delar av Europa, og det austlege Middelhavet og Noreg, frå ca1400 fram til ca. 1750. Vi vil drøfte konkrete verk ut frå historiske, kulturelle, estetiske, tekniske, ikonografiske, religiøse og teoretiske perspektiv. Vi vil óg problematisere historiske periode- og stilomgrep , og sjå på ulike historiske forståingar og teoriar om «kunst». Førelesningsrekka startar med ei innføring i sentral tolkingsverktøy i faget, både bilet- og arkitekturanalyse.

Val av tematisk tyngdepunkt kan variera frå semester til semester.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført emnet skal studenten

  • ha brei kunnskap om kunst, arkitektur og visuell kultur i tidlig moderne tid frå omkring 1400 til byrjinga på 1700-talet.
  • ha grunnleggande kjennskap til bilet- og arkitekturanalyse
  • kunne syne evne til kritisk refleksjon over kunst, arkitektur og visuell kultur frå perioden.
  • kunnevurdere tidlege periodar sine visuelle utrykk.
  • kjenne normer og retningsliner for akademisk arbeid.

 

Undervisningssemester

 Vår

Undervisningsspråk

 Norsk

Studienivå

 Bachelor

Institutt

 Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet.

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 Ingen

Fagleg overlapp

 Ingen

Undervisning og omfang

 Undervisinga blir gitt som førelesningar og seminar, normalt 12-14 dobbelttimer.

Obligatoriske arbeidskrav

 Ingen

Vurderingsformer

 Sju dagars heimeeksamen. Den skriftlege oppgåva skal ha eit omfang på mellom 3500-4000 ord.

Karakterskala

 Karakterskala A til F der E er siste ståkarakter.

Læremiddelomtale

 Pensum er på om lag 1000 sider.

Undervisningsstad

 Bergen

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.