Gå til innhold
English A A A
Emne KUN201

Kunstteori, estetikk og historiografi

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Haust og vår.
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Emnet skal gi ei djupare innsikt i kunsthistoria som fagdisiplin ved å presentere nokre av dei sentrale omgrepa og analytiske strategiane som har prega faget. Det sentrale tema i emnet er korleis dei historiske teoriane har prega den faglege debatten om kva kunst og kunsthistorie er, og i kva grad desse teoriane er aktuelle i dag.

Emnet kan vektlegge metodiske og historiografiske, så vel som kunstteoretiske perspektiv, og emnet kan ta opp nokre av dei teoretiske utfordringane kunsthistoriefaget har møtt og møter frå til dømes feministiske, poststrukturalistiske, eller postkoloniale posisjonar.

Kunnskap om kunstteori og estetikk er grunnlag for å vurdere sentrale problem som: Kva er etterlikning? Kva er venleik? Kva er det sublime? Kva er kunst? Kva er historie? Kva er en smaksdom?

Undervisninga er både tematisk og historisk organisert. I undervisninga vil vi drøfte grunnomgrepa i høve til sentrale teoretikarar og konkrete døme frå kunst og visuell kultur.

Val av tematisk tyngdepunkt kan variere frå semester til semester.

Læringsutbyte/resultat

  • Studentane skal kunne gjere greie for grunnleggjande omgrep og utviklingstrekk innan kunsthistorisk teori og metode.
  • Studentane skal kunne reflektere teoretisk over kunst og visuell kultur på eit høgare plan. 
  • Studentane skal kunne skrive meir sjølvstendige analytiske tekster med utgangspunkt i normer og reglar for akademisk skriving.

 

  • Etter å ha tatt emnet skal studentane vere godt førebudd på å forstå, og ta del iteoretiske grunnlagsdebattar innan kunsthistorie og visuell kultur.
  • Etter å ha tatt emnet skal studentane vere godt førebudd til fagleg, akademiskarbeid på masternivå.

.

Undervisningssemester

Haust og vår.

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bachelor.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

 

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Undervisning og omfang

Førelesingar, normalt 12-14 dobbelttimar og kollokvieundervisning.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen er en 7-dagars heimeeksamen og ein munnleg prøve. Munnleg eksamen teller 50% og skriftleg eksamen teller 50% av samla karakter. Oppgåva skal ha eit omfang på 3500-4000 ord.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F, der E er siste ståkarakter

Læremiddelomtale

Pensum er på om lag 1000 sider

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no