Gå til innhold
English A A A
Emne KUN253

Antikken og den klassiske tradisjon med bacheloroppgåve

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår/Haust ¿ ikkje fast
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Emnet er eit fordjupingsemne i spesialiseringa i kunsthistorie. I emnet diskuterer vi bruk og gjenbruk av antikken i europeisk kunst, særleg frå det 19. til det 21. årh. I emnet ser vi óg nærare på korleis antikke formuttrykk, så vel forhistoriske, som klassiske og bysantinske, spelar saman med moderne kunst og visuell kultur i ulike kontekstar. Førelesningane er tematisk organiserte kring utvalde kunstnarar og verk. Vi analyserer konkrete eksempel frå skulptur, maleri, mote, reklame og vareestetikk. Vi undersøkjer óg tilhøva mellom kunst og arkeologi, original og kopi, og spørsmål kring mimesis, appropriasjon, parafrase, polykromi, og fragmentet sin estetikk. Val av tematisk tyngdepunkt kan variere frå semester til semester.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført emnet skal studenten

  • ha spesialisert kunnskap om samspelet mellom eldre og nyare kunstuttrykk.
  • ha innsikt i korleis kunstarkeologisk materiale nyttast i moderne og samtidskunst, visuell kultur, mote og reklame.
  • kunne reflektere kritisk i forhold til estetiske og visuelle spørsmål.
  • kunne tolke kulturelle kodar og resepsjonsprosessar.
  • kunne nytte kunsthistorisk metode til å tolke kjende og ukjende verk.

Undervisningssemester

Vår/Haust ¿ ikkje fast

Undervisningsspråk

Norsk. Dersom det melder seg minimum 5 utanlandske studentar kan undervisninga bli gitt på engelsk.

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisning og omfang

Førelesingar: normalt om lag 12-14 dobbelttimar.

Obligatoriske arbeidskrav

Det er obligatorisk å levere bacheloroppgåva til rettleiing to gonger i løpet av semesteret til oppsette fristar. Fristane er endelege og vert publiserte på Mi Side. Namneliste med individuelle rettleiingstidspunkt blir publisert på Mi Side ein av dei første dagane etter innleveringane.

Vurderingsformer

Eksamen er ei bacheloroppgåve over eit tema innafor dei faglege rammene i emnet. Omfanget på oppgåva skal vere 4500-5000 ord.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Læremiddelomtale

Pensum er på om lag 1000 sider.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no