Gå til innhold
English A A A
Emne KUN256

Områdestudium med bacheloroppgåve

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår, men ikkje fast
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Emnet er eit fordjupingsemne i kunsthistorie. Ein hovuddel av studiet er ein ekskursjon. Med utgangspunkt i området sin kulturtradisjon vil emnet gi fordjuping i særskilde kunsthistoriske tema. Føremålet med emnet er å gi verkskunnskap og å drøfte verka i lys av den kulturelle konteksten som har prega området. Undervisninga i emnet skal førebu og utfylla hovudkomponenten, som er ein ekskursjon til ein sentral lokalitet. Aktuelle reisemål kan være Roma, St. Petersburg, Athen, Istanbul, Wien, Paris, London, Berlin, Barcelona, Amsterdam, New York. Sentrale verk og faglege problemstillingar vert presenterte gjennom førelesningar på staden.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført emnet skal studenten

  • ha spesialisert kunnskap om kunst- og arkitekturhistoria til det geografisk avgrensa området som er tema for emnet.
  • ha kjennskap til dei viktigaste verka og monumenta frå området.
  • nytte kunsthistorisk metode til å tolke kjende og ukjende verk.
  • kunne reflektere kritisk i forhold til kunsthistoriske og kulturhistoriske spørsmål
  • Gjennom bacheloroppgåva skal studenten ha oppnådd ferdigheiter i å jobbe sjølvstendig med eit kunsthistorisk materiale.

.

Undervisningssemester

Vår, men ikkje fast

Undervisningsspråk

Norsk.

Studienivå

Bachelor.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisning og omfang

Undervisninga blir gitt som auditorieførelesingar og ekskursjon (1-2 veker) med intensive førelesingar og diskusjon ved dei einskilde monumenta. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatoriske arbeidskrav

Minimum 80 % møte på førelesningar, deltaking på all undervisning under ekskursjonen og munnleg innlegg på ekskursjonen. Aktiv deltaking på sjølve ekskursjonen inngår i vurderinga av studentane sine prestasjonar. Det er obligatorisk å levere bacheloroppgåva til rettleiing to gonger. Namneliste med individuelle rettleiingstidspunkt blir publisert på Mi side.

Vurderingsformer

Eksamen er ei bacheloroppgåve. Omfanget på bacheloroppgåva er 4500-5000 ord.

 

 

Karakterskala

Karakterskala A-F

Læremiddelomtale

Pensum er på om lag 1000 sider, og er samansett av vitskaplege artiklar og bøker. Om lag 500 sider er fellespensum, mens 500 sider er vald ut frå studenten si spesialisering innan emnet.

Undervisningsstad

Bergen, samt reisemålet.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no