Latin: Prosa og grammatikk

Fakta om studiet

EmnekodeLAT102
Studiepoeng15
UndervisingssemesterVår
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Mål og innhald

Gjennom lesing av eit utval lettare originaltekstar (t.d. Cicero, Caesar, Vulgata, tekstar frå nordisk mellomalder) gir emnet sikrare kunnskapar i latin. Sikker meistring av elementa i formlæra og av det sentrale ordtilfanget er framleis det sentrale, men også syntaksen blir stadig meir systematisk dregen inn i studiet.

Læringsutbyte/resultat

Studentane skal bli i stand til å identifisere former, analysere setningar og forstå enkle originaltekstar på latin ved hjelp av ordbok. Ein skal også kunne omsetje enkle norske setningar til latin. Litteraturhistoriske perspektiv på dei forfattarane og genrane ein les skal hjelpe studentane til å forstå tekstane betre.

Undervisningssemester

Undervisninga blir gitt i andre halvdel av vårsemesteret (på heiltid)

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Utdanningsavdelinga. Se UHL §3-10.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane har avlagt eksamen i LAT101 eller har tilsvarande kunnskapsnivå.

Undervisning og omfang

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar (over delar av pensumtekstane) og øvingar (i praktisk språkmeistring, m.a. gjennom omsetjing til latin, og i bruk av ordbok).

Omlag 42 timar, tre gonger i veka siste halvdel i semesteret.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen.

Vurderingsformer

Eksamen består av ei skriftleg prøve på 6 timar, der kandidaten skal omsetje ein pensumtekst frå latin med ordbok, svare på grammatiske spørsmål og omsetje enkle setningar frå norsk til latin.

Ordboka skal vere frå latin til morsmål eller frå latin til anna valfritt språk og skal ikkje innehalde bøyingsmønster: Johanssen, Nygaard etc., Latinsk ordbok eller ordbok av tilsvarande storleik.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Læremiddelomtale

Pensum er på til saman omlag 40 sider latinske originaltekstar frå ein tekstantologi med kommentar (t.d. Omnibus 2). Dessutan inngår hovuddraga av formlære og syntaks, samt delar av ei framstelling av den romerske litteraturhistoria.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.