Latin: Stilskriving og romersk retorikk og filosofi
Fakta om studiet
| Emnekode | LAT203 |
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisingssemester | Høst |
| Antall semester | 1 |
| Undervisingsspråk | Norsk |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier |
Kontakt
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Mål og innhald
Emnet tilbyr eit studium av eit utval talar og retoriske og filosofiske skrifter av Cicero (106-43 f. Kr.). Også filosofiske tekstar av Seneca (4-65 e. Kr.) kan inngå i studiet. Det blir vidare gitt ei innføring i den klassiske retorikken si historie, med lesing av sentrale teoretiske tekstar i omsetjing.
Læringsutbyte/resultat
Studentane skal få større kjennskap til latinsk grammatikk og stilistikk, både gjennom analyse av dei tekstane som blir lesne og gjennom praktiske øvingar i omsetjing frå norsk til latin.
Undervisningssemester
Undervisninga blir normalt gitt i haustsemesteret
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Utdanningsavdelinga. Se UHL §3-10.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Som forkunnskapar i latin rår ein til at studentane har avlagt eksamen i minst 3 av latinemna på 100-nivå.
Undervisning og omfang
Undervisninga blir gitt i form av eit skrivekurs, ev. også førelesingar over delar av pensumtekstane.
Ein enkelttime i veka.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen.
Vurderingsformer
Eksamen består av ei skriftleg prøve på 6 timar, der kandidaten skal omsetje ein tekst frå norsk til latin med ordbok og svare på spørsmål frå andre delar av pensum
Ordboka skal vere frå latin til morsmål eller frå latin til anna valfritt språk og skal ikkje innehalde bøyingsmønster: Johanssen, Nygaard etc., Latinsk ordbok eller ordbok av tilsvarande storleik.
.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Læremiddelomtale
Pensum er til saman på omlag 100 sider latinsk prosatekst (30 liner = 1 side), minst 50 av desse lesne i kommenterte utgåver. Dessutan inngår ei oversiktleg framstelling av klassisk retorikk og av hellenistisk og romersk filosofi, samt relevante delar av handbøker i grammatikk og stilistikk.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.