Latin tekstpensum I
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår/haust etter behov. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Studiet vil gi studentane auka kjennskap til latinsk språk og litteratur, i første rekkje på område som ikkje blei valde på bachelornivå. Dette er eit fordjupingsstudium innanfor eit avgrensa område av latinsk språk og litteratur. Det kan gjelde eit område som alt tidlegare har inngått i studiet (t.d. romersk poesi, historieskriving eller retorikk), ein ny periode (t.d. seinantikken, mellomalderen eller tidleg moderne tid), eller eit spesialfelt som epigrafikk eller paleografi.
Læringsutbyte/resultat
Studentane skal få oppøvd evna til å forstå og gjere greie for samanhengar av litterær, historisk, overleveringsmessig eller språkleg art. Dette fører med seg meir omfattande lesing av sekundærlitteratur, og kan gjennom spesialiseringa førebu val av tema for mastergradsoppgåva.
Undervisningssemester
Vår/haust etter behov.
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Master
Krav til studierett
Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i latin ved UiB.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Minst 90 studiepoeng i latin på bachelornivå (eller dokumentert tilsvarande kunnskapar).
Undervisning og omfang
Undervisninga blir gitt i form av individuell rettleiing. Undervisninga blir om råd er samordna med undervisninga på tilsvarande kurs på 200-nivå. Studentane skal også parallelt følgje dei metode- og oppgåveseminara som blir gitt ved fagmiljøet for å få metodisk og anna fagleg skolering som kan kome til nytte i tekststudiet.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatoriske arbeidskrav
Obligatorisk rettleiing på semesteroppgåva.
Vurderingsformer
Semesteroppgåve på omlag 15 sider under obligatorisk rettleiing. I tillegg kjem munnleg eksamen. Munnleg blir gitt etter sensur på semesteroppgåve og har justerande funksjon med inntil ein karakter opp eller ned.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Læremiddelomtale
Pensum vert fastsett i samråd med faglærar.
Tekstar som har inngått i bachelorgraden kan ikkje leggjast opp på nytt.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no