Særspråk

Fakta om studiet

EmnekodeLING114
Studiepoeng5
UndervisingssemesterVår
Undervisingsspråk
Norsk
Antall semester1
Ressursar
TilhørerInstitutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Mål og innhald

Studentane lærer dei grunnleggjande draga av eit ikkje-indoeuropeisk språk og lærer å lese enkel prosa. Kva for språk det blir undervist i, vil variere frå semester til semester etter dei faglege ressursane som er tilgjengelege.

Målet med særspråkstudiet er at studenten gjennom studiet av eit ikkje-indoeuropeisk språk utvidar perspektivet sitt på språk og prøver dei teoretiske kunnskapane sine om språk mot språk av ulike typar.

Læringsutbyte/resultat

Studenten skal bli i stand til å omsetje ein tekst med hjelp av ordbok og kommentere han språkleg. Studentane skal vidare kunne gjere greie for dei viktigaste draga ved fonetikken og fonologien, morfologien, grammatikken, semantikken og pragmatikken i språket.

Undervisningssemester

Vår

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det blir tilrådd at studenten har avlagt Ex. fac.-varianten Språk og kommunikasjon eller tilsvarande for å ta lingvistiske emne. Det er også ein føremon dersom studentane har teke eit språkfag på førehand. Sidan pensum omfattar ein del framandspråkleg litteratur, spesielt på engelsk, blir lesedugleik i engelsk tilrådd.

Undervisning og omfang

Førelesingar.

Om lag 2 timar pr. veke.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatoriske arbeidskrav

Studenten skal levere inn ei pensumliste til godkjenning.

Vurderingsformer

Sluttvurdering i form av ei skriftleg prøve på tre timar.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Læremiddelomtale

Særspråkspensum har ei arbeidsmengd tilsvarande om lag 200 sider lesepensum. Studentane skal vanlegvis leggje opp eit tekstpensum tilsvarande 1 side normal prosa og eit grammatikkpensum på om lag 70-100 sider. Val av særspråk må godkjennast av instituttet

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.