Eksperimentell psykolingvistikk
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Eksperimentell psykolingvistikk testar modellar for korleis hjernen og det menneskelege kognisjonssystemet utfører persepsjon, produksjon og representasjon av språk. Kurset gjev ein introduksjon til aktuelle problemstillingar i psykolingvistikk, og gjev ei innføring i eksperimentelle forskingsmetodar (inklusive etiske omsyn ved forsking på menneske) via design og utføring av eitt eller fleire eksperiment.
Føremålet med kurset er å gje eit grunnlag for vidare eksperimentelle studium innan menneskeleg språkleg persepsjon og produksjon.
Læringsutbyte/resultat
Etter kurset skal studenten vere i stand til å setje opp og utføre enkle eksperiment, tolke resultata og formidle aktiviteten i form av ein rapport.
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsspråk
Engelsk ved behov.
Studienivå
Master
Krav til studierett
Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i lingvistikk ved UiB.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Emnet omfattar både lingvistisk og statistisk kunnskap, og grunnleggjande forkunnskapar i minst eitt av desse emna blir tilrådd.
Undervisning og omfang
Undervisninga har form av førelesingar, og design/programmering av eit eksperiment på datamaskin, utføring av eksperimentet og statistisk analyse og interpretasjon av resultata. Vidare blir det gjeve 1 - 2 timar individuell rettleiing i samband med skriving av eksperimentrapporten.
Om lag 2 timar pr. veke.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatoriske arbeidskrav
Ein føresetnad for å gå opp til eksamen er tilfredsstillande deltaking i laboratorieverksemda gjennom semesteret, med eit frammøte på minst 80 % av timane. Rettleiing i samband med eksperimentrapporten er obligatorisk.
Vurderingsformer
Karakter blir fastsett på grunnlag av eksperimentrapporten. Rapporten skal skrivast i APA-format eller eit anna internasjonalt akseptert format for eksperimentelle rapportar.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Læremiddelomtale
Pensum omfattar innføringslitteratur og vitskaplege artiklar innanfor eksperimentell psykolingvistikk.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no