Lingvistikk mastergradsoppgåve
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 60 |
| Undervisningssemester | Haust/vår. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Studenten vel eit lingvistisk emne som han/ho vil undersøkje vitskapleg. Resultatet av undersøkinga skal leggjast fram i form av ei masteroppgåve. Oppgåva treng ikkje leggje fram nytt materiale eller føre til nye originale konklusjonar for å bli godkjend, men det blir stilt krav til vitskapleg metode og handsaming av stoffet. Storleiken vil vere sterkt avhengig av emnet, men som normalt kan ein antyde 50-120 sider.
Læringsutbyte/resultat
Masteroppgåva skal kvalifisere studenten til å drive forsking innanfor lingvistiske emne.
Undervisningssemester
Haust/vår.
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Master
Krav til studierett
Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i lingvistikk ved UiB.
Krav til forkunnskapar
Berre studentar som er tekne opp på masterstudiet etter gjeldande reglar, kan få rettleiing og levere masteroppgåve i lingvistikk.
Undervisning og omfang
Val av emne for masteroppgåva må godkjennast av fagmiljøet. Det må falle innanfor dei lingvistiske disiplinane der fagmiljøet sjølv har eller kan skaffe den naudsynte kompetansen. I arbeidet med masteroppgåva har studenten krav på å få tildelt ein fagleg rettleiar. Fagmiljøet avgjer kven som skal vere rettleiar for kvar enkelt student.
Obligatoriske arbeidskrav
Student og rettleiar skriv båe under på ein rettleiingskontrakt.
Før den munnlege slutteksamenen skal studenten ha halde eit seminarinnlegg på eit instituttseminar. Innlegget kan vere ein presentasjon av delar av masteroppgåva eller ei innleiing til diskusjon om eit anna arbeid.
Vurderingsformer
Masteroppgåva skal innleverast innan dei gjeldande fristane. Etter at masteroppgåva er godkjend og evaluert, går kandidaten opp til ein munnleg eksamen som har tilknyting til masteroppgåva. Munnleg eksamen kan justere karakteren for masteroppgåva med inntil 1 karakter opp eller ned.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no