Masteroppgåve i barnevern

Fakta om studiet

EmnekodeMABARN350
Studiepoeng45
UndervisingssemesterVår, Haust
Antall semester3
Ressursar
TilhørerHEMIL-senteret

Læringsmål

Masteroppgåva utgjer 45 studiepoeng. Den skal presenterast i form av ein monografi eller ein vitskapelig artikkel. Den kan vere eit frittståande arbeid eller gå inn som ein sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt. Masteroppgåva kan vere teoretisk eller empirisk innretta og den skal vere barnevernfagleg relevant. Det vert gitt høve til at opp til tre studentar kan samarbeide om oppgåva. Den einskilde sitt sjølvstendige bidrag til oppgåva skal klart gå fram, og skal tilsvare 45 studiepoeng.

Fagleg innhald

Hovudføremålet med masteroppgåva er at studentane skal få høve til systematisk og kritisk analyse av ei sjølvvalt problemstilling. Studenten skal dokumentere forståing av sentrale forskingsprinsipp, og evne og gje ei klår og presis skriftleg framstilling av det valde tema.

Obligatoriske aktivitetar (særskilde krav)

Oppgåva skal byggje på ein godkjend prosjektplan. Denne skal gjere greie for prosjektet sin teoretiske og empiriske bakgrunn, temaområde, problemstilling, metodeval og framgangsmåte, datahandsaming eller analyseform og også forskingsetiske vurderingar. Prosjektplanen skal leverast for godkjenning seinast i løpet av studiet sitt 4. semester (ved deltid).

Evaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering av undervisninga skal skje minimum kvart 3. semester.

Vurdering / eksamensformer

Masteroppgåva evaluerast med gradert bokstavkarakter (A-F) av ein komité der minst ein sensor skal vere ekstern. Karakter vert fastsett på grunnlag av det skriftlege arbeidet og ei munnleg høyring knytt til oppgåva sitt tema, teori og metode.

Fagleg ansvarleg

HEMIL