Smertefysiologi
Fakta om studiet
| Emnekode | MANT301A |
| Studiepoeng | 5 |
| Undervisningsstart | Vår |
| Antall semester | 1 |
| Undervisingsspråk | Norsk |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for global helse og samfunnsmedisin |
Kontakt
Kontaktinformasjon
Institutt for global helse og samfunnsmedisin. studie@isf.uib.no
Tel: 55586100
Fagansvarleg:
Roar Jensen, førsteamanuensis: roar.jensen@broadpark.no
Mål og innhald
Overordna mål:
Emnet gir ein grundig innføring i mekanismane som ligg til grunn for smerte og korleis både akutte og kroniske smerter kan handterast.
Innhald:
Faget består av ein serie med førelesningar og gruppearbeid om det fysiologiske grunnlaget for smerte og korleis smerte kan moduleras (dempast eller sensitiviserast). Det blir også lagt vekt på kva konsekvensar forståing av smertefysiologi / patofysiologi har for det kliniske arbeidet og den enkeltes oppleving av smerte. Ulike målemetodar for smerte vert og gjennomgått.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført emne skal studenten ha fått avansert kunnskap om korleis smerte oppstår og korleis den kan behandlast spesielt med dei verkemidlar som er sentrale i manuellterapi.
Basert på fagområdet sin vitskaplege kunnskap skal studentane kunne definere, gjere greie for og diskutere
- nociseptorars funksjon og tilhøyrande leiingsbanar
- smerte frå muskulatur
- smertemoduleringsmekanismar: Perifere og sentralnervøse mekanismar for smertehemming og sensitivisering
- basale transmittersubstansar og reseptorar
- oppleving av smerte, høve til påverking
- autonome reaksjonar, endringar i funksjon og struktur i nervesystemet på grunn av akutt til langvarig smerte
- smertehemmande system relatert til terapeutiske tiltak
- kategorisering av smertemekanismar relatert til ulike patologiske tilstander, som nevropatisk smerte, funksjonell smerte, radikulær smerte og utstrålande smerte
Undervisningssemester
Vår (fyrste semester)
Studienivå
Master
Undervisning og omfang
Førelesingar, gruppeundervising, demonstrasjon samt sjølvstudium.
Arbeidsmengda i 5 stp skal tilsvara omlag 3 vekers arbeid a 40 t. arbeidsveke for studenten (1,5 stp per uke), der alt før- og etterarbeid, sjølvstudium, eksamenslesing og eksamenstid samt undervisning inngår.
Obligatoriske arbeidskrav
Førelesingane er obligatoriske
Vurderingsformer
Skriftleg individuell eksamen på 3 timer.
Ekstern og intern sensor
Karakterskala
Karakterskala A-F
Læremiddelomtale
Det vil bli oppgitt litteratur som skal danna utgangspunkt for studentanes læringsaktivitet.
Oversikt over aktuelle bøker, bokkapittel og artiklar er satt på eiga ressursliste.