Rørslevitskap og treningslære
Fakta om studiet
| Emnekode | MANT304A |
| Studiepoeng | 5 |
| Undervisningsstart | Høst |
| Antall semester | 2 |
| Undervisingsspråk | Norsk |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for global helse og samfunnsmedisin |
Kontakt
Kontaktinformasjon
Institutt for global helse og samfunnsmedisin.
e-post: studie@isf.uib.no
tel: 55586100
Emneansvarleg:
Ingeborg H Brækken
e-post: Ingeborg.Brekken@isf.uib.no
Mål og innhald
Overordna mål:
I rørsleviteskap er målet å få vidare forståing av sentrale modellar for motorisk kontroll, motorisk utvikling og motorisk læring som utgangspunkt for betring av nevro-muskulær kontroll og utvikling i behandling av pasientar.
I treningslære skal studentane få vidare kunnskap om korleis fysisk aktivitet verker og kva som set grenser for eit individs fysiske kapasitet.
Innhald:
Rørslevitskap omhandlar modeller for motorisk kontroll og motorisk læring.
Emnet treningslære omhandlar fysiologisk adaptasjon til styrke- uthaldenhet - og bevegeligheitstrening og korleis aktiviteten bør planleggast og gjennomførast for at den skal få optimal effekt, hovudsakleg hos pasientar med muskel- og skjelettlidingar.
Læringsutbyte/resultat
I rørslevitenskap skal studentane kunne definere, gjera greie for og diskutera
- motorisk kontroll
- hierarkiske modeller
- motorisk program
- dele rørsler inn i kategoriar
- systemteori
- dynamisk systemteori
- motorisk læring
- fasar av læring
- plastisitet i forbindelse med læring
- feedback i læringssituasjonen
- transfer av læring
- organisering av læringssituasjonen
Studentane skal kunne gjera greie for dei konsekvensar desse modellane har for vår forståing av korleis stillingar og rørsler blir til og korleis vi skal legge til rette for at motorisk læring skal skje så effektivt som mulig. Studenten skal kunne gjera greie for terapeutiske implikasjonar for ulike modellar av motorisk kontroll og læring.
I treningslære skal studentane kunne definera, gjera greie for og diskutera
- definisjon på uthaldenhet-, styrke- og bevegelighetstrening
- endringar som skjer etter uthaldenhet-, styrke- og bevegelighetstrening
- dei viktigaste årsakene til trøttleik
- dei treningsmetodar som ein tilrår brukt for å utvikle styrke, bevegelighet (dynamisk og statisk) og uthaldenhet
- prinsipp som ligg til grunn for trening av stabilitet
- sentrale treningsprinsipp som: Spesifisitet, progresjon, variasjon og reversibilitet, og anvende disse prinsippa i utarbeing og gjennomføring av treningsprogram ved bruk av ¿SMART-regelen¿ (spesifikt, målbart, ambisiøst, realistisk, tid)
- endringar som oppstår i leddkreftar og muskelkreftar ved ulike utgangsposisjonar i styrketrening
- symptom som oppstår ved feiltrening
- spesielle omsyn ved trening av pasientar, spesielt med muskel- og skjelettplager, samt gjera greie for dysfunksjonar som kan oppstå ved feiltrening
- førebyggande effekt i forhold til hjerte-karsjukdom, metabolske sjukdomar og ryggplager.
Undervisningssemester
Haust (andre semester) og vår (tredje semester)
Studienivå
Master
Krav til forkunnskapar
Førelesingane og gruppearbeid er obligatorisk
Undervisning og omfang
30 t førelesingar og gruppearbeid, samt sjølvstudium.
Obligatoriske arbeidskrav
Førelesingane og gruppearbeid er obligatorisk
Vurderingsformer
5 - dagars skriftlig heimeeksamen.
Ekstern og intern sensor
Karakterskala
Karakterskala A - F, der A er beste karakter og F er strykkarakter.
Læremiddelomtale
Det vil bli oppgitt litteratur som skal danna utgangspunkt for læringsaktivitet til studentane.
Emneevaluering
Undervisninga vert evaluert av studentane med spørjeskjema. Resultata av evalueringa vert årleg gjennomgått av lærarane på studiet.