Biomekanikk
Fakta om studiet
| Emnekode | MANT307 |
| Studiepoeng | 5 |
| Undervisningsstart | Vår |
| Antall semester | 2 |
| Undervisingsspråk | Norsk |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for global helse og samfunnsmedisin |
Kontakt
Kontaktinformasjon
Institutt for global helse og samfunnsmedisin.
e-post: studie@isf.uib.no
tel: 55586100
Emneansvarleg:
Ingeborg H Brækken
e-post: Ingeborg.Brekken@isf.uib.no
Mål og innhald
Overordna mål:
Læra grunnleggande biomekaniske prinsipp og anvende desse på vev, stillingar, rørsle, undersøkingsmetodar og behandling, og forstå korleis desse kreftene verkar på kroppen.
Innhald:
I biomekanikk er det førelesningar om dei grunnleggande prinsippa i biomekanikk og øvingar i å løyse oppgåver relatert til krefter som verkar på kroppen.
Læringsutbyte/resultat
Studenten skal ha inngåande kunnskap om grunnleggande biomekaniske prinsipp og kunne anvende desse på vev, stillingar, rørsle, undersøkingsmetodar og behandling.
Studenten skal kunne definere og gjera greie for
- tyngdepunkt i ein lekam
- tyngdelinje
- understøttingsflate
- mekanisk system
- muskelkraft
- tyngdekraft
- leddkraft
Studenten skal under statiske forhold kunne regne ut
- muskelkrefter
- leddkrefter
- leddkraftas kompresjonskomponent og skjærkomponent
Studenten skal kunne gjera greie for
- stress-strainforholdet og korleis muskelens bindevev og arkitektur verker på dette forholdet, forkortings/forlengingshastighet og kraftutviklingsevne
- stress-strainforholdet, viskoelastiske eigenskapar, hysterese, mikrorupturer
- stress-strainforholdet, anisotrope egenskaper, mekanismar som verkar på friksjon og slitasje
- stress-strainforholdet, anisotrope eigenskapar
- stress-strainforholdet, vevstrykk i nervevev, påverking av sirkulasjon i nervevev, tåleevne i forhold til trykk og strekk
- Skjelettmusklars biomekaniske eigenskapar
- Sener og ligamenters biomekaniske eigenskapar
- Leddbrusk biomekaniske eigenskapar
- Knokkelvevets biomekaniske eigenskapar
- Nervevevs biomekaniske eigenskapar
Studenten skal kunne anvende sine kunnskapar og ferdigheiter gjennom å gjere greie for og diskutera
- resonnement for dei endringar som oppstår i leddkrefter og muskelkrefter når stillingar og retningar på krefter vert endra
- og diskutere dei biomekaniske prinsippa som ligg til grunn for undersøkings og behandlingsteknikkar
- prinsipp for rørsle i opne og lukka leddkjeder
- dei konsekvensar trening/belastning i opne eller lukka leddkjeder får for leddbelastning og spesifisitet i muskelbruk
- dei enkelte ledd sine artrokinematiske eigenskapar
Undervisningssemester
Fyrste (vår) og andre semester (haust)
Studienivå
Master
Tilrådde forkunnskapar
Før studiestart bør studenten ha repetert biomekanikk fra grunnutdanninga i fysioterapi, samt lese videre. Det vert anbefalt at studenten til dømes les heile den generelle introduksjonen i Biomekanikk-boken av Nordin og Frankel.
Undervisning og omfang
20 t førelesingar og gruppearbeid, samt sjølvstudium.
Obligatoriske arbeidskrav
Førelesingane og gruppearbeid er obligatorisk
Vurderingsformer
Det vert halden ein skriftlig individuell eksamen på 3 timer.
Ekstern og intern sensor
Karakterskala
Karakterskala A (utmerket) - F (stryk)
Læremiddelomtale
Det vil bli oppgitt litteratur og oppgåver som skal danna utgangspunkt for studentanes læringsaktivitet. Oversikt over aktuelle bøker, bokkapittel og artiklar er satt på eiga ressursliste.
Emneevaluering
Spørjeskjema vert lagt ut i Studentportalen. Resultata av evalueringa vert årleg gjennomgått av lærarane på studiet.