Mål og innhald
Dette kurset set fokus på korleis både bevisste og ubevisste prosessar påverkar menneskeleg oppfatning og åtferd, medrekna høgare kognitive prosessar som det å ta avgjerder eller å oppfatte risiko. Emne som kurset skal gje ei innføring i er konseptet intuisjon, kjenslemessig påverknad og korleis dei bevisste prosessane blir definerte og utskilde, i motsetnad til dei ubevisste prosessane.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskap:
Ved fullført emne skal kandidaten ha inngåandekunnskap om fylgjande emne:
- Bevisst og ubevisst prosessering
- Intuisjon og deliberasjon
- Samhandling mellom emosjon og kognisjon
- Risikooppfatning og det å ta avgjerder
- Tonegjevande forskingsparadigme i dei fagfelta som kurset dekkjer.
Dugleik:
Ved fullført emne skal kandidaten kunne...
- Reflektere over og drøfte problemstillingar innanfor det aktuelle forskingsfeltet.
- Gjennomføre og evaluere forskingsdesign og metodar i tråd med forskinga på dette fagfeltet.
- Presentere forsking for eit akademisk publikum.
Generell kompetanse:
Ved fullført emne skal kandidaten kunne vise...
- Evne til å leite fram, tilverke og reflektere over vitskapleg litteratur på fagfeltet.
- Evne til å delta i eit forskingsteam.
- Evne til å formidle forsking.
Institutt
Institutt for samfunnspsykologi
Krav til studierett
Oppmelding til emnet krev opptak ved masterprogrammet.
Undervisning og omfang
Kurset består av ei blanding av undervisningsmetodar som byggjer opp under kvarandre. Tradisjonell tavleundervisning blir fletta saman med andre undervisningsmetodar som innbyr til djupare og individsentrert læring om særskilte tema. Slik undervisning kan vere seminarbasert eller gjere bruk av personleg oppfølging.
Undervisninga består av:
- førelesingar
- seminar basert på tilrådd litteratur
- studentpresentasjonar om valde emne
- gruppearbeid med rettleiing
Om lag 22 timar i alt.
Obligatoriske arbeidskrav
Presentasjon i gruppe av ei teoretisk eller empirisk skriftleg oppgåve innanfor eitt av underemna i kurset.
Vurderingsformer
Gruppeoppgåve. Karaktersetjing på ei teoretisk eller empirisk skriftleg oppgåve innanfor eitt av underemna i kurset (max. 10 sider, gruppearbeid).
Læremiddelomtale
Tilrådd litteratur, om lag 500 sider. Sjå nettsider under Mi Side.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.