Strøyming i porøse media

Fakta om studiet

EmnekodeMAT254
Studiepoeng10
UndervisingssemesterHøst
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk (Engelsk vil bli brukt dersom utvekslingsstudentar følgjer kurset.)
Ressursar
TilhørerMatematisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet.

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i grunnleggande omgrep og likningar for rørsle av væsker og gassar i porøse media. Modellar for einfase, fleirfase og blandbar fortrengning blir studert, og
metodar og prinsipp for å kunne formulere modellane på ulike lengde-skalaer blir gjennomgått. Ein vil og kvalitativt og kvantitativt studere stabiliteten til ulike fortrengningsprosessar. Buckley-Leverett modellen for to-fase flyt blir særskildt analysert.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne skal studentene kunne:

  • definere sentrale omgrep som porøsitet, permeabilitet og metning.
  • forklare skilnaden på blandbar og ikkje-blandbar flyt.
  • forklare kva ein meiner med harmonisk middel av permeabilitet.
  • forklare prinsippa bak kapillartrykks-funksjonen, og relativ permeabilitet.
  • gi ein fullstendig modell for to-fase flyt og utleie metningslikninga.
  • analysere Riemann-problemet for Buckley Leverett likninga.

Undervisningssemester

Haust (Fargekode: gul)

Eksamenssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MAT212, PHYS111

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen obligatoriske aktivitetar.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.