Biomedisinske tema

Fakta om studiet

EmnekodeMED1BIOMED
Studiepoeng5
UndervisningsstartVår
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for biomedisin

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for biomedisin

studie@biomed.uib.no

(+47) 55 58 64 39 / 55 58 64 40 / 55 58 60 95

Emneansvarleg:

Karl Johan Tronstad, http://uib.no/personer/Karl.Tronstad

Kontaktinformasjon

Institutt for biomedisin

studie@biomed.uib.no

(+47) 55 58 64 39 / 55 58 64 40 / 55 58 60 95

Emneansvarleg:

Jan Haavik, http://uib.no/personer/Jan.Haavik

Mål og innhald

Ferdigheiter i lesing og analyse av biomedisinsk forskingslitteratur. Grunnlag for bruk av forskingslitteratur i seinare emne i studiet og i yrkeslivet.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne skal studenten kunne:

Kunnskapar

  • Forstå grunnlaget for den medisinske kunnskapsbasen, at den er forskingsbasert, og at det kontinuerleg er nødvendig med ei kritisk vurdering av ny forskingsbasert kunnskap.

Ferdigheiter

  • Gjere greie for oppbygginga av ein vitskapeleg artikkel.
  • Nytte kunnskap og ferdigheiter frå tidlegare undervising, som til dømes BIOBAS til å analysere og evaluere eit forskingsarbeid.

Generell kompetanse

  • Forstå utvalde problemstillingar i biomedisin som er nær forskingsfronten, og som er eller sannsynligvis vil bli klinisk relevante.

Undervisningssemester

Vår

Krav til studierett

Medisinstudiet

Tilrådde forkunnskapar

Kjennskap til nokre sentrale eksperimentelle teknikkar i biomedisinsk forsking og ei generell forståing av human biokjemi, fysiologi og anatomi.

Undervisning og omfang

Totalt 16 timar fordelt på ein dobbeltime per veke. Ein del av tida vert brukt til gruppearbeid i grupper på ca. 8 studentar der man arbeider med ein strukturert gjennomgang av spørsmål knytta til konkrete forskingsartiklar. Resten av tida vert brukt til førelesningar og plenumsgjennomgang av resultat frå gruppearbeidet.

Obligatoriske arbeidskrav

Undervegsvurdering av eit første skriftleg arbeid, inkludert kommentering av andre studentar sitt arbeid.

Vurderingsformer

Innlevering av skriftleg arbeid.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Emneevaluering

Skriftleg evaluering via Mi side.